Førebur seg på ekstremvêr
- Vi er budd på å kunna hjelpa dersom det skulle skje noko. Det seier brannsjef i Fusa, Gunnar Hatelid om ettermiddagens ekstremvêrvarsel.
Brannsjefen var på morgonkvisten fredag i møte med Fusa kraftlag, heimesjukepleien og teknisk etat i Fusa kommune.
- Vi har fått på plass alle straumaggregat som skal vera på plass. Det betyr at sjukeheimen har straum dersom han skulle bli borte. I tillegg går kraftstasjonen i Eikelandsosen. Den produserer straum til heile Fusa dersom det er inn til kommunen straumen eventuelt ryker, opplyser Hatlelid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Både brannvesenet og teknisk etat er i beredskap dersom det oppstår situasjonar i samband med uvêret.
- Vi har mellom anna vore i kontakt med heimesjukepleien, og veit kven som treng kritisk hjelp dersom straumen skulle gå. Desse personane vert også prioriterte dersom vegen vert stengd, opplyser Hatlelid.
I 5-tida fredag sendte yr.no ut følgjande varsel: Eit lågtrykk er tidlig fredag morgon framleis i kraftig utvikling i havområdet søraust for Island og er venta å gje vind av sterk storm og orkan styrke.
Lågtrykksbanen er framleis litt usikker, men fredag ettermiddag og kveld er det venta sørvest sterk storm på kysten, med vindkast på 35-45 m/s inn over land. Det vert høge bølgjer inn mot kysten. Signifikant bølgjehøgde er venta å bli 9-12 meter.
På heimesida til Fusa kommune rår kommunen innbyggjarane om å gjera følgjande tiltak i samband med uvêret:
. Rydd hagen: sikra store gjenstandar, flytt mindre gjenstandar inn.
. Sjekk taket for laus takstein og lause plater.
. Sørg for at takrenner, antenner og presenningar er godt festa.
Artikkelen held fram under annonsen.
. Sjå etter at lauv og anna ikkje tettar takrenner, avløp og sluk.
. Lukk vindauge og dører godt.
Om prognosane slår til, meiner brannsjefen at fusingar og andre gjer lurt i å halda seg inne:
- Du veit aldri. Det kan like så godt vera eigne takstein eller naboen sin trampoline som kjem fykande. Om du ikkje må ut, bør du heller ikkje gå ut, seier Hatelid.