Letta stemning på Compact
- Då det vart stadfesta at kollegaen vår vart utskriven, steig stemninga monaleg, seier adm. dir i GC Rieber Compact, Per Henning Hamnes.
Det var mange tilsette som vart prega av knivstikking-episoden på Compact på Søfteland sist veke. Naturleg nok fekk mange sjokk.
- Me har brukt mykje tid på å prata saman om det som skjedde, og då me på fredag ettermiddag fekk vita at kollegaen vår vart utskriven frå sjukehuset, steig stemninga monaleg, fortel direktør Hamnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han vil ikkje gå inn på skadesituasjonen hennar.
- Nei, det får andre seia noko om, men me tek det sjølvsagt som eit godt teikn at ho er frisk nok til å dra heim, seier han.
- Kjem ho til å koma tilbake i jobb på Compact?
- Det håpar me. Ho hadde vore hos oss i tre månadar, og me ser ho gjerne tilbake her når ho føler seg bra igjen til å jobba, seier Hamnes
Fekk besøk av bedriftshelsetenesta
Måndag hadde dei besøk av bedriftshelsetenesta. Dei som fekk høve til å prata ut om det som hadde skjedd, var særleg dei som jobba i lag med den sikta mannen i 20-åra og den kvinna som vart angripe.
- I tillegg fekk dei som var involverte i førstehjelpsarbeidet også sjanse til å gå gjennom det som skjedde i lag med fagfolk, fortel Hamnes.
Produksjonen på Compact går no som normalt igjen.
- Totalt hadde me vel stans i halvannan dag. No jobbar me som vanleg fram til julaftan, avsluttar Hamnes.