Handlar ikkje politikk om saman å koma fram til løysingar, om å gje og ta, og om forhandlingar på tvers av koalisjonar, spør Leendert-Jan de Zwarte.
Handlar ikkje politikk om saman å koma fram til løysingar, om å gje og ta, og om forhandlingar på tvers av koalisjonar, spør Leendert-Jan de Zwarte.

Er dette politikk?

Kvifor får eg inntrykk av at lokalpolitikken i Fusa til ein viss grad vert styrt av personlege interesser, intrigar, makt- og prestisjekampar, skriv Leendert-Jan de Zwarte.

LESARBREV: Beklagar til dei som no ser seg leie av skuledebatten. Du må ikkje lesa vidare.

Grunnen til at eg ikkje klarer å leggja frå meg saka er ikkje så mykje utfallet, men meir korleis ein er kome fram til avgjerda og saksgangen i denne prosessen. Eg har aldri vore interessert i politikk, og hadde aldri sett føre meg at eg skulle hamna på eit kommunestyremøte. Men der sat eg altså torsdag 17.12. Eg trur fleire ville hatt nytte av å vera der. Opplevinga og erfaringa gjorde i alle høve overraskande stort inntrykk på meg, og eg sit att med undring og spørsmål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen debatt

Ordføraren takka etter røystinga i skulesaka for "debatten". Meg hadde det ikkje slått at eg hadde vore vitne til ein debatt. Opposisjonen forsøkte så godt dei kunne, men ein debatt er avhengig av tovegskommunikasjon, (verbal) respons og motargument. Men her var det korkje debatt, diskusjon eller svar å få.

Engasjerte og til dels kjensleladde innlegg vart møtt med stillheit og armar i kross. Posisjonen viste inga vilje til i det minste å visa litt forståing og aksept for opposisjonen sitt syn og arbeid i saka. Kvifor får eg kjensla av at posisjonen for lengst hadde bestemt seg? At saka alt var avgjort? Kva var poenget med å leggja til rette for høyringsuttalar? Alle uttalane kan sjølvsagt ikkje takast til følgje. Men kva med i det minste å anerkjenna dei, visa at dei betyr noko, at dei har ein funksjon. Nyttar ein høyringar berre for å skapa ein illusjon av å bli høyrt eller fordi det er tilrådd frå statleg hald?

Nyttelaust arbeid

Eg har stor respekt for alle som seier seg viljuge til å ta på seg viktige politiske verv i lokalsamfunnet, samtidig som ein har jobb, familie og andre interesser. At desse menneska brukar mangfaldige timar i veka på dette viktige arbeidet fortener ikkje anna enn anerkjenning og respekt. Kvifor sit eg då med kjensla av at alt arbeidet og alle timane opposisjonen hadde lagt ned i både skulestruktursaka og budsjettarbeidet var nyttelaust? At same kva dei hadde sagt eller lagt fram, så ville det ikkje endra utfallet?

Ordføraren takka etter røystinga i skulesaka for "debatten". Meg hadde det ikkje slått at eg hadde vore vitne til ein debatt, skriv de Zwarte.
Ordføraren takka etter røystinga i skulesaka for "debatten". Meg hadde det ikkje slått at eg hadde vore vitne til ein debatt, skriv de Zwarte.

Greitt nok at ein til slutt vert nedstemt, men litt interesse, anerkjenning og diskusjon omkring argumenta og synspunkta sine kan ein vel i det minste vente? Handlar ikkje politikk om saman å koma fram til løysingar, om å gje og ta, og om forhandlingar på tvers av koalisjonar?

Prestisjekamp

Kvifor får eg inntrykk av at lokalpolitikken i Fusa til ein viss grad vert styrt av personlege interesser, intrigar, makt- og prestisjekampar? Korleis kan det ha seg at ein av posisjonens representantar ringjer rundt til sine partikollegaer, og oppmodar dei til ikkje å ta imot invitasjonen frå FAU ved Strandvik oppvekstsenter om å vitja skulen? Kva skal det tena til? Korleis kan det vera med på å skapa truverde og tillit til dei folkevalde politikarane våre? Er dette politikk? Kva er det godt for, anna enn å skapa harme, misnøye, frustrasjon og undring på Holdhus og i Strandvik (og kanskje andre stadar i kommunen òg)?

Kvifor inga avgjerd?

Er det rart at eg på bakgrunn av dette sit att med ei kjensle av at skulebygga på Holdhus og i Strandvik ikkje kjem til å verta leigde ut til privatskuleføremål (med +1 stemme)? Kvifor kunne ein ikkje alt torsdag tatt stilling til spørsmålet om utleige/sal av skulebygga? Ein visste at dette spørsmålet ville koma opp. Hadde ein vore litt fleksible og framtidsretta og sagt anten ja eller nei til utleige/sal, hadde ein unngått uvissa og alle hadde visst kva ein har å halde seg til. Då hadde me kunna leggje mykje av denne debatten daud. Er me ikkje alle tente med ei snarleg løysing?

Dette kommunestyret kunne vel knapt tenkt seg ein verre start på "samarbeidet". Eg undrast over korleis dette kjem til å utvikla seg dei komande fire åra. Så får me i desse jule- og nyårstider håpa at politikarane nyttar litt av tida til å reflektera over året som no går mot slutten, og at dei kan starta det nye året med friskt pågangsmot og, ikkje minst, blanke ark.

Leendert-Jan de Zwarte