For ein folkefest!
Bryggedans i strålande solskin trekte store folkemengder til Os Sjøfront.
Store folkemengder møtte opp for å få med seg årets Bryggedans. Rekene gjekk ned på høgkant på Bryggedansen laurdag, og dansefoten vrikka på mange.
Tjuven, tjuven
Os og Fusaposten arrangerte Sommarshow, der mellom anna Ørjan Hesjedal stilte med løgndetektor. Ordførarane i Os og Fusa skulle eigentleg stilla kvarandre spørsmål, men då Fusa-ordførar Atle Kvåle trekte seg laurdag morgon gjekk dette ut. I staden fekk publikum laga spørsmål som Os-ordførar Terje Søviknes måtte svara på. Han blei blant anna spurt om han hadde handla øl på butikken på Drange etter stengetid.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, seier Søviknes, og publikum svara med latter.
Dette viste seg å vera sant.
På spørsmål om han nokon gong har stelt hummar frå andres hummarteier, svara han nei.
Løgndetektoren viste at dette var løgn, og Søviknes måtte krypa til korset.
- Når eg tenkjer meg om var det ein gong i ungdomen at eg kom over ei teine som ikkje var min.
Fyrverkeri i kveld
Etter Sommarshowet sytte, Guttene, som dei kallar seg, Tommy Sulen og Tron Jensen, for å halda publikum varme med musikkinnslag og allsong i vel ein times tid. Festen held fram, og seinare i kveld blir det fyrt opp fyrverkeri. Sjå stor biletserie øvst i saka.