Brannvesenet øver i Oshjørnet
Sidan Oshjørnet står tomt, nyttar brannvesenet i dag høvet til å øva der.
Medan det i går var eiekte utrykning til Oshjørnet, var det i dag berre øving.
- Oshjørnet står no tomt, og difor har me fått lov til å bruka lokalet til å øva i, seier leiar for førebyggjande avdeling, Anne Kjersti Storebø.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me øver på å bryta oss inn i eit hus for å redda eit barn, legg ho til.
Brannvesenet er på staden med tre utrykningskøyretøy.