Still Steen Sæthre skåra Lyseklosters mål i 2-1-tapet mot Lørenskog.
Still Steen Sæthre skåra Lyseklosters mål i 2-1-tapet mot Lørenskog.

Hadde tre poeng i seks minutt

Ståle Steen Sæthre gav Lysekloster leiinga midt i andreomgang, men Lørenskog kom sterkt tilbake og snudde kampen.

- Lørenskog hadde banespelet, men vi hadde sjansane før kvilen. Tommy Gaustad var blant anna åleine med keeper, men fekk ikkje ballen i mål, seier Svein Kollen.

Lysekloster hadde bestemt seg for å spela kynisk, og liggja bakpå og satsa på kontringer.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Taktikken fungerte nesten heile kampen. Vi tok leiinga etter eit flott angrep. Espen Birkeland kom opp på venstresida og fann Ståle framfor mål. Utlikninga kom på eit frispark som gjekk rett i mål. 1-2-målet er ein tabbe frå vår side. Etter to svake klareringsforsøk tok Lørenskog leiinga, seier Kollen.

Lysekloster hadde også sine sjansar i andreomgang, men det blei med Ståles mål.

Petrit Zhubi blei att i Lysefjorden i dag grunna ein skade, men det er forventa at han er på banen mot Os onsdag.

Espen Birkeland stod for assisten til Ståle Steen Sæthre.
Espen Birkeland stod for assisten til Ståle Steen Sæthre.

- Vi satsar på at han er klar til den matchen. Det er ein viktig kamp, sjølvsagt, men Fana-kampen helga etter er endå viktigare, seier Kollen, som såg ein del positivt frå laget i dag.

- Det er framgang spelemessig, og vi hadde fort kunna vunne denne kampen. Forsvaret var solid gjennom store delar av kampen. Det var surt at dei fekk to såpass billege skåringar. 

 

 

Laget som starta:

Artikkelen held fram under annonsen.

Chris Sunde Midtun, Ola Sjømæling, Denis Ljubovic, Gojko Ivkovic, Aleksander Andersen, Espen Birkeland, Baste Jonassen, Joakim Hjelmeland, Tommy Gaustad, Christer Olsen og Ståle Steen Sæthre.