Ariel Braathen gler seg til morgondagens 200 m. Ho håpar på ny personleg rekord og avanse til semifinalen.
Ariel Braathen gler seg til morgondagens 200 m. Ho håpar på ny personleg rekord og avanse til semifinalen.

Mål om semifinale i EM

17. mai var ho seks hundredel bak persen på 100 m. I morgon håpar Ariel Braathen å symja seg til semifinale på 200 m.

Ariel Braathen er godt i gang med sitt første europameisterskap i symjing som seniorutøvar. Meisterskapen går av stabelen i OL-arenaen frå 2012, London Aquatics Centre.

Ariel kosar seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg elskar å konkurrera utanlands, og synest det er utruleg moro å få vera med. Det er sjølvsagt eit svært stort arrangement, og mykje styr og mas rundt det heile, men eg føler likevel eg klarar å halda fokus på det eg skal gjera, seier ungjenta frå Søfteland.

100-meteren på 17. mai var oppløftande. Ariel sumde inn til tida 1,09,89. Det er berre seks hundredel bak persen.

- Landslagstrenar Petter Løvberg var godt nøgd. Han meinte at å symja så tett opp mot persen i eins første EM er veldig sterkt. Sjølv var eg ikkje heilt nøgd. Eg hadde kanskje litt høge forventningar, seier Ariel, som vann sitt heat, utan å koma til vidare finalar.

EM i symjing går av stabelen i anlegget som vart laga for OL i Londong i 2012.
EM i symjing går av stabelen i anlegget som vart laga for OL i Londong i 2012.

Realistisk semifinale-håp

I morgon er det klart for favorittøvinga 200 meter bryst. Ariel er optimistisk.

- Kva ventar du deg av deg sjølv?

- Eg ventar alltid mykje av meg sjølv. Håpet er å persa, altså symja raskare enn 2,31,66. Klarar eg det, har eg også sjansen til å nå ein semifinale, seier ho.

Dersom ho skal klara OL-kravet må ho under 2,26,9.

- Det kan nok halda hardt, men det er eit raskt basseng, og eg er alltid optimistisk, ler ein optimistisk og strålande opplagt Ariel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag avsluttar ho EM med å delta i 50 m bryst.

- Då ventar eg det vil gå rimeleg fort. Under 100 meteren på 17. mai var eg framfor 50-meter-persen halvveges, så ny rekord er så absolutt innan rekkjevidde, seier ho.

To sjansar til

Om osingen ikkje klarar tidskrava til OL dei neste dagane får ho ein ny sjanse alt neste helg. Då er det Bergen Swimfestival i Bergen.