Engelskmann i Os
Britiske Kevin Brant (34) og sambuaren Marianne Lien (39) frå Os budde ti år i storbyen Brisbane, Australia. Han vedgår at livet i Hegglandsdalen er litt annleis.
- Pappa, eg kan ikkje snakka engelsk med deg meir. No snakkar eg berre norsk.
Kevin fekk klar melding frå eldstedottera Charlotte (4) ein haustdag i fjor. Etter berre nokre månader i Hegglandsdalen barnehage, hadde jenta bestemt seg for at Australia var fortid.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var litt sårt for ein engelsktalande far, men samtidig er eg imponert over kor raskt ho har plukka opp det norske språket, seier han.
Vikingblod
Kevin har visst lenge at han ein dag skulle flytta til Noreg. Nesten heilt sidan han vart kjærast med Marianne frå Os. Ved påsketider i fjor tok dei steget sa-man med Charlotte og Elizabeth (8 mnd), som var i magen.
- Charlotte trivst veldig godt i barnehagen og det er så kjekt å vera hos mine foreldre. Hegglandsdalen er ein sterk base, men vi har nok for mykje viking-blod i årene til å seia at det er for alltid. Utferdstrong, veit du, ler Marianne.
Sexy og skiten
Det var i Australia dei trefte kvarandre. Ho tok master i «Business and admi-nistration» og «International business».
- Han var ein sexy og skiten backpacker, ler ho.
Dei møtte kvarandre på ein parkeringsplass utanfor det største kjøpesenteret i Brisbane. Marianne gjorde seg bemerka ved å nesten køyra ned nokre russa-rar medan ho parkerte. Kevin sat på ein bil og venta på kompisen sin då ho vinka og gjekk vidare.
- Då eg kom tilbake, låg det ein lapp frå Kevin på ruta mi. Vi møttest den kvelden og sidan har vi vore saman.
- Men eg gløymde å sjekka om det låg lappar på alle bilrutene, ler ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Humor er vanskeleg
Kevin utdanna seg til sivilingeniør i Australia og jobbar no på avdeling for geoteknikk i konsulentfirmaet Sweco. Jobben krev at han er god i norsk, og førebels er han på sitt tredje norskkurs. Til våren ventar den berømte Ber-genstesten.
- Når eg snakkar norsk, trur folk at eg er fransk. Noko som er litt fortvilande for ein engelskmann, smiler han.
At både han og Marianne no snakkar norsk, gjer at dei oppdagar kvarandre på nytt.
- Det er som om ho vert ein annan person, og ho føler det same med meg, seier Kevin.
Å ikkje kunne bruka morsmålet i det daglege, gjer også at han ikkje kan bru-ka humor slik han er van til.
- I byrjinga prøvde eg å vera festleg i nokre epostar på jobben, men folk skjøna ingen ting. Så det har eg slutta med. Det er litt frustrerande å ikkje kunna laga vitsar. Marianne seier at eg er "quite funny in English", men det hjelper lite når eg ikkje får til å seia det eg vil på norsk, smiler han.
34 år og bur hos foreldra
Sidan Marianne var gravid då dei flytta, har ho ikkje søkt jobb enno. Men heilt arbeidsledig er ho ikkje. Paret har nemleg nokre forretningar "down under", og forvaltar heile 50 leilegheiter og fem butikkar.
- Eg har slutta å sitja oppe om natta for å ringa folk som er på jobb der nede. Vi har heldigvis ein flink kar i Australia som driv butikken for oss, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Førebels bur den vesle familien i generasjonsbustad hos Mariannes foreldre. Foreldra held hus i kjellaren, medan Marianne og Kevin bur på loftet. Første etasje deler dei mellom seg, som ei slags buffersone.
- Det er jo litt rart å vera 34 år og ha budd heimafrå halve livet for så å flytta inn att hos foreldra, men det er fint også, seier Kevin.
Britar klagar for mykje
Å flytta attende til heimlandet England var ikkje aktuelt.
- Britar klagar heile tida. Det orkar eg ikkje.
- Og nordmenn klagar ikkje?
- Jau, men de klagar for ein grunn, ler han.
Likevel vedgår han at det har vore ein overgang å koma til Noreg frå "no worries"-mentaliteten som Australia er så kjend for.
- Folk er så opne der nede. Du kan koma i prat med nokon på gata og fem minutt seinare er du invitert på grillfest. Slik er det ikkje her, og det visste eg før eg kom hit, men eg saknar det litt likevel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv om livet i Hegglandsdalen er langt rolegare enn i ein pulserande stor-by, har Kevin merkeleg nok har funne roen.
- Naturen er fantastisk. Og når jentene har det bra, har eg det bra, seier han.