Drukning var dødsårsaka
Obduksjonsrapporten seier at Marita Sælen drukna. Politiet meiner at det truleg ikkje har skjedd noko kriminelt.
Måndag ettermiddag vart resultatet av obduksjonsrapporten offentleggjort: Død ved drukning. Politiet seier til NRK at alt tyder på at det ikkje har skjedd noko kriminelt.
Sælen vart sist sett natt til laurdag 12.september og vart meld sakna av ektemannen då ho ikkje kom attende til campingplassen dei budde på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredag 18.september vart ein person funnen død i Sognefjorden ved Ortnevik, og snart identifisert som Marita Sælen.
Det resterande etterforskingsarbeidet no går ut på å finna ut kva som skjedde før drukningsulukka.