Politiet melder om ulukke ved Liafjellstunellen. (Arkivfoto)
Politiet melder om ulukke ved Liafjellstunellen. (Arkivfoto)

Bil har gått rundt

Politiet melder om bilulukke i Os, på E39 ved Liafjellstunellen.

Meldinga kom på Twitter like etter klokka 22 i kveld. Ein bil skal ha gått rundt. Naudetatar er på veg til staden.

Fire personar skal ha kome seg ut av bilen. Dei involverte er tekne hand om av helse, og brannvesenet sikrar staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fire er frakta til Haukeland Universitetssjukehus. Vegen ved ulukkesstaden er rydda og open att.