Frå eit stemmelokale i dag.
Frå eit stemmelokale i dag.

9 av 10 krinsar er opptalde

Senterpartiet gjer det sterkast i Hegglandsdalen og KrF på Søfteland. Sjå oversikt over dei ulike partia sine svake og sterke krinsar her.

Hegglandsdalen

I Hegglandsdalen er 95 prosent av røystene opptalt. Der er ein tydeleg Frp-krins, der partiet sankar 45,3 prosent av stemmene. (Frp er for øvrig størst i alle krinsane). Elles ser ein godt att at dalen har ein god del bønder, og Senterpartiet får heile 11,7 prosent av stemmene. Kristeleg Folkeparti gjer det derimot svært dårleg, og ville ikkje kome inn i kommunestyret dersom Hegglandsdølene fekk bestemma. 1,9 prosent av stemmene går til KrF.

Lysekloster

I Lysekloster krins er 95 prosent av røystene talde. Frp får 45 prosent av røystene også her. Her står Ap sterkt og haustar 20 prosent av røystene. Mange av partia er på 4-talet, medan Senterpartiet er under sperregrensa i denne krinsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nore Øyane

I Nore Øyane krins er 95 prosent av røystene talde. Her står Høgre forholdsvis sterkt med 18,9 prosent av stemmene, og det same gjer TvS med 10,3 prosent. Kristeleg Folkeparti er ikkje populært i denne krisen, og får berre 0,9 prosent av stemmene.

Os Aust

I Os Aust er 95 prosent av røystene talde. Dette er ein av Frp sine svakaste krinsar, der dei «berre» får 35,9 prosent. Det kan sjå ut til at det er TvS som tek røyster frå Frp her. Dei har nemleg 11,6 prosent av røystene her.

Os Nord

I Os Nord er 95 prosent av røystene talde. Dette er ein god krins for Ap, der dei får 21,1 prosent av stemmene. Høgre får derimot berre 9,5 prosent her. Frp får 37,4 prosent.

Søfteland

I Søfteland krins er 95 prosent av røystene talde. Her har Ap sin sterkaste krins, der dei får 23 prosent av stemmene. Frp og Høgre får til saman nøyaktig 50 prosent av røystene her. Det tyder at søftelendingane er splitta på midten om dei vil ha Frp/H eller ein regnbogeallianse til å styra skuta i Os. KrF har sin sterkaste bastion på Søfteland med 7,6 prosent, medan Miløpartiet Dei Grøne derimot ikkje er spesielt populære med 3,3 prosent.

Søre Neset

I Søre Neset krins er 95 prosent av stemmene talde. Forutanom små variasjonar i populariteten til Frp, Høgre og Ap samanlikna med kommunesnittet, er det kanskje Venstre som markerer seg forholdsvis sterkt her. Dei får 7,3 prosent av stemmene i Glenn Erik Hauglands heimkrins. Av andre særlege ting å påpeika, får KrF berre 2,8 prosent her. Miljøpartiet får 6,6 prosent.

Søre Øyane

I Søre Øyane er 95 prosent av stemmene talde. Her er Høgre større enn Ap, med 19,5 prosent mot berre 13 prosent. Venstre gjer det overraskande sterkt, kanskje pga. engasjementet i bru-saka. Dei får 9,8 prosent av røystene. Miljøpartiet Dei Grøne er derimot dårleg representert blant øyfolket, med 3,2 prosent. Sosialismen står dårleg ute i Søre Øyane, då SV berre haustar 0,2 prosent av stemmene.

Os vest

I Os vest er 95 prosent av røystene talde. Der gjer Frp det relativt dårleg, og får berre 33,4 prosent av stemmene. Arbeidarpartiet får derimot 22,1 av røystene. Venstre og TvS har gode tal her (7,7 prosent og 8,4 prosent).

Berre Nore Neset er no ikkje opptalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

HEGGLANDSDALEN KRINS

Fremskrittspartiet

45,3%

Arbeiderpartiet

17,8%

Senterpartiet

11,7%

Høyre

7,0%

Miljøpartiet De Grønne

6,1%

Tverrpolitisk Samlingsliste Bygdeliste For Os

6,1%

Venstre

3,3%

Kristelig Folkeparti

1,9%

Sosialistisk Venstreparti

0,9%

LYSEKLOSTER KRINS

Fremskrittspartiet

45,0%

Arbeiderpartiet

20,0%

Høyre

13,5%

Tverrpolitisk Samlingsliste Bygdeliste For Os

4,6%

Venstre

4,4%

Kristelig Folkeparti

4,1%

Miljøpartiet De Grønne

4,0%

Senterpartiet

2,5%

Sosialistisk Venstreparti

1,9%

NORE ØYANE

Fremskrittspartiet

39,5%

Høyre

18,9%

Arbeiderpartiet

15,0%

Tverrpolitisk Samlingsliste Bygdeliste For Os

10,3%

Miljøpartiet De Grønne

5,6%

Venstre

5,6%

Senterpartiet

3,9%

Kristelig Folkeparti

0,9%

Sosialistisk Venstreparti

0,4%

Andre

0,0%

OS AUST

Fremskrittspartiet

35,9%

Arbeiderpartiet

19,0%

Høyre

13,4%

Tverrpolitisk Samlingsliste Bygdeliste For Os

11,6%

Venstre

6,3%

Senterpartiet

5,1%

Miljøpartiet De Grønne

4,4%

Kristelig Folkeparti

3,2%

Sosialistisk Venstreparti

1,0%

OS NORD

Fremskrittspartiet

37,4%

Arbeiderpartiet

21,1%

Tverrpolitisk Samlingsliste Bygdeliste For Os

9,7%

Høyre

9,5%

Venstre

6,4%

Miljøpartiet De Grønne

5,9%

Kristelig Folkeparti

4,1%

Senterpartiet

3,3%

Sosialistisk Venstreparti

2,5%

SØFTELAND

Fremskrittspartiet

40,0%

Arbeiderpartiet

23,0%

Høyre

10,0%

Kristelig Folkeparti

7,6%

Venstre

6,0%

Senterpartiet

4,6%

Tverrpolitisk Samlingsliste Bygdeliste For Os

4,2%

Miljøpartiet De Grønne

3,3%

Sosialistisk Venstreparti

1,3%

SØRE NESET

Fremskrittspartiet

39,8%

Arbeiderpartiet

20,0%

Høyre

12,3%

Venstre

7,3%

Miljøpartiet De Grønne

6,6%

Tverrpolitisk Samlingsliste Bygdeliste For Os

5,4%

Senterpartiet

4,3%

Kristelig Folkeparti

2,8%

Sosialistisk Venstreparti

1,5%

SØRE ØYANE

Fremskrittspartiet

42,0%

Høyre

19,5%

Arbeiderpartiet

13,0%

Venstre

9,8%

Tverrpolitisk Samlingsliste Bygdeliste For Os

4,2%

Kristelig Folkeparti

4,0%

Senterpartiet

4,0%

Miljøpartiet De Grønne

3,2%

Sosialistisk Venstreparti

0,2%

OS VEST

Fremskrittspartiet

33,4%

Arbeiderpartiet

22,1%

Høyre

11,5%

Tverrpolitisk Samlingsliste Bygdeliste For Os

8,4%

Venstre

7,7%

Kristelig Folkeparti

5,8%

Miljøpartiet De Grønne

5,7%

Senterpartiet

3,3%

Sosialistisk Venstreparti

2,0%

NORE NESET: