Held fram romjulstradisjonen
For tredje år på rad inviterer Steinar Lyssand til romjulsblues på Peppes. Alt no har billettane til arrangementet 2. juledag fått bein å gå på.
Lyssand overtok romjulsbluesen frå Osøren Blues & Jazzfestival, då festivalen vart nedlagt.
- Det var litt skummelt å starta opp. Eg visste ikkje korleis arrangementet ville bli mottatt. Men det har vore ein kjempesuksess. Både i fjor og i forfjor vart alle billettane selde lang tid i førevegen, fortel Lyssand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også i år er dei 250 inngangspassa ettertrakta. Alt no har mange sikra seg billettar til arrangementet. Det set Lyssand stor pris på.
- Det er ei tillitserklæring, seier han og legg til:
- Romjulsbluesen er eit innarbeidd konsept i Os-bygda. Arrangementet er intimt og folkeleg, og vi må berre halda fram med å levera slik at folk har lyst til å koma igjen.
Ikkje berre blues
Med seg i rampelyset har Lyssand fleire lokale krefter. Først ut på scena er gjengen i Golvkaldt. Forutan vokalist Linda Nytræ består bandet av Alf Samson Jøssang på keyboard og Vidar Hjartåker på trommer. Vokalist Eivind Solberg er også med i bandet til vanleg, men skal ikkje delta på konserten på Peppes.
Ada Keita band, med Ada Mathilde Keita Hansson i spissen, tek over stafettpinnen etter Golvkaldt. Ho står på scena i lag med mellom andre Vegard og Kjetil Skorpen.
Deretter er det Kurt Røttingen sin tur. Han får med seg Steinar Lyssand (gitar), Tom Erik Svendsen (bass) og Jan Åge Svendsen (trommer) på scena, før dei tre sistnemnte får æra av å avslutta kvelden i lag med Dag Bergesen.
- Kvelden byd på alt frå country og jazzinspirert musikk til soul, blues og rock. Det vert med andre ord variert, seier Lyssand.
Gitaristen gler seg til å spela sjølv, og til å høyra på dei andre banda.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er alltid ei spesiell stemning på romjulsbluesen. I tillegg til god musikk, treffer ein mykje kjentsfolk som ein ikkje ser så ofte elles i året, seier musikaren.