Fredrik Heggland er nok ein gong i gang med opptrening etter operasjon. Målet hans er å bli speleklar til seriestarten om halvanna månad.
Fredrik Heggland er nok ein gong i gang med opptrening etter operasjon. Målet hans er å bli speleklar til seriestarten om halvanna månad.

Ingen Florida-tur på Heggland

Medan lagkameratane dreg til Florida i morgon, må Fredrik Heggland vera igjen på stadion og trena seg opp etter sist operasjon.

I dag (fredag) vart namna på Brann-spelarane som reiser på treningsleir til Bradenton i Florida lagt ut på Brann.no. Osingen Fredrik Heggland sitt namn var ikkje blant dei 19 som er reiseklar.

- Nei, det stemmer det. Eg må nok bli att her i Bergen og trena meg opp att etter siste operasjon. Kjedeleg, men sånn er det berre, sukkar Heggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skadefri er førstepri

I lag med skulderskadde Kasper Skaanes blir det innetrening på stadion på Heggland dei neste vekene.

- Det er her me må leggja grunnlaget for å bli skadefri igjen. Her har me gode fasilitetar og blir jamleg følgde opp av fysioterapeut, seier Heggland.

20-åringen har ikkje spelt ein kamp sidan han vart skadd i bortekampen mot Åsane i juni fjor.

- Det byrjar å bli lenge sidan, ja. Eg fekk med meg nokre balløkter i desember, men då kneskaden byrja å plaga meg igjen, var det ingen veg tilbake. Eg måtte inn på operasjonsbordet igjen, fortel han.

Medan dei under den første operasjonen nøydde seg med å sy menisken, gjorde dei denne gongen kort prosess.

- Dei fjerna menisken heilt. Det høyres dramatisk ut, men det skal visstnok ikkje plaga meg i det lange løp. Etter ein god oppkøyringsperiode, skal eg bli like fin som eg var før eg fekk skaden, fortel han.

Utelukkar ikkje utleige

Forsvarsspelar Fredrik Heggland får ein tøff kamp for å koma med på laget til Brann denne sesongen. Spesielt ettersom han grunna skaden no er nokre hakk bak dei andre i oppkøyringa.

- Eg har Brann-kontrakt ut 2017-sesongen, men eg ser jo at det blir tøft å spela seg inn denne sesongen. Uansett er første mål å bli frisk nok til å spela igjen og vera med og konkurrera om plass, seier Heggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Din tidlegare stopparkollega på juniorlaget, Fredrik Pallesen Kundsen. er no i Åsane. Er utleige aktuelt for deg?

- Tja, alt er aktuelt. Førstepri er å bli heilt skadefri, så får me ta det frå der.

- Er det klubbar som har vore i kontakt med deg eller Brann med tanke på leige-avtale?

- Eh, for å svara litt generelt, så kan eg seia at interessa sikkert er der, men kor aktuelt det blir, er førebels for tidleg å seia. Inntil vidare er eg Brann-spelar til og med ut 2017-sesongen, svarer Heggland.