Førebels er det åtte kvinner som har svart på kontaktannonsa til Thorstein Skårnes. I helga var han på date med ei av dei. (Arkiv
Førebels er det åtte kvinner som har svart på kontaktannonsa til Thorstein Skårnes. I helga var han på date med ei av dei. (Arkiv

Vellukka date for Thorstein

- Don´t kiss and tell, er det ikkje det dei seier, smiler Venstre-mann og bloggar Thorstein Skårnes.

Det starta som ein fleip, men plutseleg blei det veldig reelt. Skårnes laga kontaktannonsa om at han ersøkjer kvinna i sitt liv, og lova bort billett til Aurora-konserten og middag på Havnechefen til ein heldig utkåra.

- Åtte kvinner svarte. Eg hadde med meg ei kvinne frå Fusa på date. Kanskje er me avhengige av bru over fjorden likevel, spøkjer bru-motstandar, Skårnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som eit reality-show

Daten var vellukka, sjøv om omstendene var noko spesielle.

- Det å gå på date og vita og at det er mange kring deg som veit kva som føregår, er spesielt, så heilt naturleg blei det ikkje. Det var heldigvis berre ein som var full nok til å koma bort og ta kontakt, seier han.

Det var heller ikkje lett å skulla velja blant kvinnene.

- Situasjonen blei nesten som eit reality-show. Eg skulle velja ei, og kva skulle eg seia til dei andre som tok kontakt? Kva tenkjer dei om eg skulle tatt kontakt med dei i etterkant? Det var mange tankar, seier Skårnes.

Lært mykje om seg sjølv

Venstre-politikaren fortel at han fekk svar frå eit representativt utval av damene i Os.

- Det var både damer med og utan born, og i ulike aldersgrupper.

Førebels er det ikkje avtalt ein ny date, verken med Fusa-kvinna eller andre.

- Eg må få helga litt på avstand. Det var ganske surrealistisk med ein "offentleg date", seier Skårnes og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har vore ei spesiell veke. Eg har lært mykje om meg sjølv. Det er ikkje kvar dag ein har ein kontaktannonse på trykk i lokalavisa, seier Skårnes og ler.