Får bistand frå Kripos
Kripos er kopla inn, og skal hjelpa Os lensmannskontor i etterforskinga av det som skal ha vore ei overfallsvaldtekt på Brimsholmen 16. februar.
Os lensmannskontor har alt fått bistand frå kriminalteknikarar frå Bergen. No er også Kripos med og etterforskar saka.
- Kripos bidreg med teknisk og taktisk bistand, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi har fått inn nokre tips i saka, som det vert jobba utifrå. Vi kan ikkje gå ut med noko meir på noverande tidspunkt. Vi er framleis interesserte i tips i saka.
BAKGRUNN:
25. februar sendte politiet ut ei pressemelding angående ei etteranmeldt valdtekt på Brimsholmen.
Valtekta skal ha funne stad på Brimsholmen tysdag 16. februar, og politiet ynskjer å koma i kontakt med personar som har opphalde seg på Brimsholmen/Lepsøy denne ettermiddagen.
Dei ynskjer tips både om personar og køyretøy som er blitt observert i området.
Eventuelle observasjonar av ein mørk bil i området er av interesse.
Tips kan rettast til Os lensmannskontor på 99 08 16 62 eller 02800.
På ransaking
I går ettermiddag var politiet på ransaking hos ein mann i 20-åra. Ransakinga blei gjennomført på bakgrunn av at Nordhordland tingrett har skrive ransakingsbeslutning.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi fann mindre mengde hasj og ulike tablettar, blant anna dopingpreparat. Mannen har erkjent forholdet, og saka vert følgt opp, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.