Nokre av skulpturane kan bli permanente no når politikarane har løyvt pengar til eit kunstfond.
Nokre av skulpturane kan bli permanente no når politikarane har løyvt pengar til eit kunstfond.

Ilter kunstdebatt

Arbeidarpartiet og Venstre var lite nøgde med at saka om å overføra 2 mill. kroner til kunstfond kom over bordet i det siste formannskapsmøtet. Lars Atle Skorpen (Ap) protesterte på at ein ikkje får noko samanlikningsgrunnlag.

- Me ser ikkje kva pengane elles kunne vore brukt til. Nyleg løyvte me 4 mill. kroner ekstra til skulane. Kanskje det skulle ha vore 6 mill. kroner, til dømes?

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmann Knut Terje Rekve forklarte at det var menneskeleg svikt som gjorde at saka ikkje hadde kome opp i kommunestyremøtet sist, slik planen var. Vidare forklarte han at det måtte opprettast no dersom ein skulle ha sjanse til å få kjøpt nokre av skulpturane som står i Os sentrum.

Posisjonen og TvS var usamde med Skorpen og Rykkel.

- Me har eit kommunestyrevedtak som seier at me skal ha eit kunstfond, og då synest eg ikkje det er noko rart at me som formannskap tek ansvaret for å gjennomføra vedtaket, sa Marie Bruarøy (H).

Posisjonen gjekk til slutt inn for kunstfondet mot Arbeidarpartiet og Venstre sine tre røyster.