Seglar Fusa opp som favoritt?
Kommunesamanslåing: Formannskapet i Os vel vekk Bergen. Dermed siglar Fusa og andre naboar opp som favorittar.
I seinare tid har det kome fleire lokalpolitiske signal om at Bergen er ein mindre attraktiv partnar å slå seg saman med for Os. Politisk kaos i Bergen, og det faktum at lille Os har fleire ubundne fond enn storebror, har blant anna vore trekt fram som argument mot dette.
Berre 1,5 prosent
Då politikarane tysdag skulle ta stilling til kva vegar dei no skal utforska vidare, var ikkje Bergen ein gong med som alternativ.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Terje Søviknes sa at det er nokre få kommunar som vurderer Bergen (Meland blant andre), men at dei fleste kommunane står på same line som Os: Bergen er uaktuell.
Lars Atle Skorpen (Ap) viste til ei meiningsmåling som sa at 5 prosent av 33 prosent synest det er verd å vurdera Bergen - altså reelt 1,5 prosent av innbyggjarane. Elles viste han til eit sjølvskrive lesarinnlegg, der han takka pent nei både til Bergen og andre.
- Min ståstad botnar i at eg ikkje trur me kan greia å innfri forventningane i eit slikt samarbeid. Faren for ein langvarig ulukkeleg situasjon, er overhengande, sa Skorpen.
For tidleg å avvisa naboar
Kollegiet i formannskapet var ikkje berre samde med Skorpen. Partifelle av Skorpen, Harald Døsen, var blant dei som tok dissens.
- Me må stilla spørsmåla før me kan konkludera. Me må setja opp pluss og minus med dei ulike alternativa. At me hamnar på minussida når me slår oss saman med Bergen er nok så, men eg trur me hamnar på plussida dersom me slår oss saman med Fusa, sa Harald Døsen (Ap)
Marie Bruarøy (H) meinte at ein må gjera eit stykkje reknearbeid før ein kan konkludera fornuftig våren 2016.
- Me er nok ikkje i målgruppa for kommunereforma. Likevel meiner eg at me bør gjera eit skikkeleg arbeid fram til me må bestemma oss til neste år. Det krev at me går i direkte dialog med fleire kommunar, sa ho.
Espen Aspenes ville ha på bordet kva det kjem til å kosta å slå seg saman til ein storkommune. Særleg prisen ved å skifta datasystem og personellsystem og annan kommunal infrastruktur. Han føreslo difor å auka potten til utgreiingsarbeidet noko.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sprikande i Fusa
Lars Atle Skorpen meinte at ein bør la andre kommunar koma til oss, heller enn å jaga etter dei.
Jon Sivert Rykkel (V) sa at ein ikkje berre kan vera overlegen, men må vera litt imøtekomande også sjølv, særleg mot Fusa, som har vore tydelegast på at Os er ein favoritt.
Terje Søviknes (Frp) hadde nokre reservasjonar mot kommunen i aust.
- Medan Tysnes har mykje av den same konsensusorienterte politikken som me i Os, har eg inntrykk av at det sprikar litt meir i Fusa. Særleg når det gjeld strukturelle ting, sa Søviknes, utan å nemna korkje eigedomsskatt eller skuledebatt.
Todelt vedtak
Deretter vart desse to alternativa vedteke som retningsgivande for det vidare arbeidet:
1) Os kommune heldt fram som eigen kommune som i dag.
2) Os kommune utgreier føresetnader for ein ny Bjørnefjordkommune saman med nabokommunar.
Det vart løyvt opp til 300.000 kroner til det vidare utgreiingsarbeidet.