Nissane kjem!
Like sikkert som vintermørkret, like sikkert er det at dei dukkar opp frå trapper, husmorvindauge og stoveseksjonar.-Ja her byrjar det. Det er så inn i granskauen med nissar, seier Mons Helland, då me kjem inn i vindfanget.
Det er eigentleg kona Inger Fredlund Helland som samlar på nissar. På veg inn i stova kjem me forbi ein elektronisk nisse som vrikkar like elektronisk på hoftene.
-Når ungane er her då går det i eitt. Du kan stilla han inn slik at når du går på toalettet så spelar og syng han for deg. Det er slike sondar. Eg stiller han helst inn på null, det blir fort nok, fortel Mons.
Artikkelen held fram under annonsen.
Inger har samla nissar i kring 20 år. Den heile og fulle oversikta har ho ikkje. Men det er ein plass mellom 2- og 300.
-Den minste kjøpte eg i Tivoli i København i desember i fjor, fortel ho.
Den største nissen er det ektemannen som har kjøpt. På netthandel.
Fjes viktigast
Nissar i tøy og vatt, nissar i keramikk og nissar i plast. Ein med blinklys, ein står over omnen og kinnar smør. Dei sit på kjelkar, i badestampen, går på på ski og tur med isbjørn og leikar med det som sannsynlegvis er julegrisen. Nissane gjer så mykje forskjellig at ein kunne vore freista til å hevda at dei er som folk flest. Men nissar er då ikkje folk?
-For meg er fjeset det viktigaste. eg må lika fjeset på dei. Det må vera eit fornøgd, godt andlet, forklarar Inger.
Nisseteneste
Sjølv om det er Inger som har oversyn og kompetanse, er det Mons som med ei viss rett kan hevda å ha nissefagleg tygd. Det er ikkje få julatrefestar - i regi av det lokale husmorlaget - der husbonden har vore nisse.
-Før senteret kom, var det julegateopning ved Br. Eikeland. Eitt år skulle eg koma i helikopter. Då fekk handelsstanden ein fæla kjeft av politiet fordi me ikkje hadde søkt, hugsar Mons.
Å gå med nissedrakt er ikkje heilt utan risiko som den opplyste lesar skjønar, og han er difor nøgd med at han no er pensjonert frå "nisse-teneste" i lokalsamfunnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bestemor
-Første søndag i advent kjem dei fram, seier Inger, som har dei gøymt i kassar på loftet og i ein putekasse i kjellarstova. Der står også einaste nissen ho har laga sjølv. Han får aldri koma opp i stova. Til gjengjeld står han på stas der nede året rundt.
-Eg byrja med smånissar. Eg har fått mange nissar også, familien kjenner jo til denne dilla eg har, seier ho.
Inger fortel ho brukar kjøpa både far-, mor- og barnenissar om det finst. På eit kråbord står ein heil familie oppstilt med eige hus med elektrisk belysning i bakgrunnen. Det ser livleg ut der på tunet.
-Me hadde besøk av nokre karar i går, så no er det litt ommøblert, fortel Inger som også er bestemor.
Podlanissane
Dei fleste nissane er det ei lita historie rundt.
-Dette er Velfjordnissen. Han kjøpte eg i Hommelstø i heimkommunen min Brønnøy i Nordland. Då eg såg han visste eg at eg berre måtte ha han.
Nissen sit på ein kjelke med fjøslykt og har eigen fuglekasse. Eit nisseektepar vart kjøpt på ei julemesse i Lygrepodlen, og har difor fått namnet "Podlanissane".
-Den eine nissen kikar lurt på den andre, seier Inger som frydar seg over desse figurane som liksom har eit eige liv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alt har si tid. Slik er det også med nissesesongen. Over nyttår er det slutt, og då er det tilbake til pappkassane att til dagane atter blir korte og nettene lange. Så får ein håpa ikkje musa avbryt dvalen.
-Det er gjerne litt mykje når alle nissane kjem fram. Men det blir tomt i stova når dei er pakka ned, avsluttar Mons.