Korkje vinnarar eller taparar
- Det er ingen grunn til å ropa hurra. Men det er heller ingen grunn til å vera lei seg. Vi skal klara å laga eit godt budsjett med utgangspunkt i desse tala.
Camilla Kvamme
camilla.kvamme@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Det seier ordførar Terje Søviknes (Frp) om statsbudsjettet som vart lagt fram på Stortinget onsdag føremiddag.
I fjor var Os budsjettvinnarar med ein vekst i dei frie inntektene på 8,5 prosent. I år er veksten meir moderat: 4,9 prosent eller 45,2 mill. kroner.
- Vi får ikkje eit så stort hopp i kronebeløp som det vi gjorde frå 2014 til 2015, men veksten er framleis 0,6 prosent over snittet for heile landet, påpeikar Søviknes.
- Alt i alt er det ikkje eit kjempegodt budsjett for osingane, men det er heller ikkje dårleg. Vi ligg over snittet, og med ein løns- og prisvekst på 2,7 prosent, skal det framleis vera litt til overs til å byggja ut tenestene, meiner ordføraren.
Søviknes understrekar at dei endelege tala får ein først når rådmann Knut Terje Rekve legg fram sitt budsjett, 27. oktober.
Uroa for skatteinntektene
Fusingane har endå mindre å ropa hurra for enn osingane. Samanlikna med fjoråret er veksten i dei frie inntektene om lag den same, 4,3 prosent kontra 4,4. Det betyr at Fusa ligg akkurat på landssnittet, men 0,2 prosent lågare enn snittet for kommunane i Hordaland.
I kroner og øre utgjer veksten i frie inntekter vel 9,3 mill. kroner. Kommunen får ingen drahjelp i statsbudsjettet når det gjeld utfordringane ein står overfor i den komande budsjettprosessen.
- Det vert ei krevjande øving å få på plass eit berekraftig budsjett og ein berekraftig økonomiplan, vedgår varaordførar og påtroppande ordførar, Atle Kvåle (Ap).
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvåle er uroa for sysselsetjingsproblema i Noreg i dag. Han viser til at det er mange i Fusa som arbeider i "olja".
- Det vert spennande å sjå korleis skatteinntektene til Fusa kommune utviklar seg. Når arbeidsledigheten går opp, går skatteinntektene ned samstundes som dei sosiale utgiftene har ein tendens til å auka, seier Kvåle.
Kommunane med størst vekst i dei frie inntektene i Hordaland er Øygarden (7,3) og Jondal (7,2). I andre enden av skalaen finn ein Granvin (2,6) og Fedje (1,8).
- God medisin
I statsbudsjettet tek regjeringa fleire grep for å auka sysselsetjinga i Noreg. Regjeringa føreslår mellom anna ein tiltakspakke på 4 milliardar kroner som skal gå til dei områda som i særleg grad merkar konsekvensane av lågare vekst, heiter det på statsbudsjettet.no.
Av dei 4 milliardane er det mellom anna sett av 1,1 milliardar til vedlikehald og fornying av veg og jernbane, samt 500 millioner kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg i kommunane.
- Av potten på 500 mill. kroner får vi knappe 2 millionar til ekstra vedlikehald i 2016, fortel Søviknes.
I tillegg til det ekstra tilskotet, føreslår regjeringa å gje skattelette til næringslivet i form av ein reduksjon i selskapskatten frå 27 til 25 prosent.
- Det er god medisin for å få opp igjen sysselsetjinga, meiner Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Er det noko du saknar i årets budsjett?
- Eigentleg ikkje. Alt i alt er det eit godt budsjett når det gjeld utfordringane ein står overfor i Noreg i dag, konkluderer Frp-politikaren.
- Treng fleire psykologar
Kvåle er ikkje heilt samd med han i det. Arbeidarpartipolitikaren peikar mellom anna på at regjeringa har lova å satsa på psykiatrifeltet, men at H og Frp i statsbudsjettet berre legg opp til å auka tilskotet til rekruttering av psykologar i kommunane med 45 mill. kroner.
- Regjeringa legg til rette for 150 nye psykologstillingar i kommunane i 2016. Det vert om lag 0,3 årsverk per kommune, noko som er veldig lite med tanke på at ein har lansert ei storsatsing på feltet, meiner han.
Kvåle håpar budsjettet som vart lagt fram onsdag, ikkje vert det endelege budsjettet.
- Men om det vert betringar i forhold til kommunedelen er vanskeleg å seia, påpeikar han.
Av statsbudsjettet går det også fram:
... at regjeringa føreslår å setja av 1.030 mill. kroner til prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal. Av denne summen føreset regjeringa at 930 mill. kroner vert stilte til disposisjon av bompengeselskapet.
Artikkelen held fram under annonsen.
... at det kommunale rusarbeidet vert styrkt med 400 mill. kroner, og at 80 mill. kroner vert sett av til målretta tiltak som alternative straffereaksjonar, lågterskeltilbod og arbeidstrening.
... at kommunane får 400 mill. kroner ekstra til eit meir fleksibelt barnehageopptak. Tiltaket vil ifølgje regjeringa gjera kommunane i stand til å oppretta inntil 2.600 nye barnehageplassar, noko som vil kunna resultera i kortare ventetid for familar med born født etter 1. september.
... at regjeringa held fram satsinga på helsestasjon- og skulehelsetenesta gjenom ei auke i kommunane sine frie inntekter på til saman 200 mill. kroner.
... at regjeringa set av 1 milliard kroner til vidareutdanning av lærarar. Det inneber at meir enn 5.000 lærarar vil få tilbod om vidareutdanning i 2016.
Vi ligg over snittet, og med ein løns- og prisvekst på 2,7 prosent, skal det framleis vera litt til overs til å byggja ut tenestene.