Val og vaffelkaker på Holdhus
- Du går rundt hjørna og så til du møter veggen, og så er det til venstre, sa "grindagut" Odd Gitle Aarra som var valmedarbeidar i porten på Holdhus skule.
Og akkurat rundt hjørna sat fire skuleborn og selde vaffelkaker til inntekt for Flykningehjelpen. Dei kosta 50 kroner per plate, men røynde vaffelkake-connoisseurar i Dalen som me snakka med, meinte det var verd det. Dei som var riktig heldige fekk også med seg ein song på kjøpet, noko som laga endå meir god stemning.
- Me har lært om korleis det er å vera flykning, og så har me lagt røre, sa Maria Lister Midtrød.
Artikkelen held fram under annonsen.
På vegen møtte me Inger Johanne Bakke Ådland som jobba i Holdhus barnehage. Ho var enno i stuss om kva ho skulle velja, men velja det måtte ho.
- For meg er helse og eldreomsorg viktigast. Eg har ikkje ungar i skulen lenger, så skule kjem lenger ned på lista, sa Bakke Ådland.
Ingrediensar og røre
Kommune- og fylkesvalet gjekk føre seg på skulekjøkenet. Heller ikkje her kunne me stilla spørsmål i hytt og ver.
- At valet går føre seg på eit kjøken, legg vel til rette for ein del ordspel og slikt, meinte leiar Hans Einar Markhus.
Haldis Solvang og Bjørg Helen Håland hjelpte også til på kjøkenet.
- Slik som konstellasjonar, ingrediensar, røre...sa Markhus, før han høfleg, men bestemt viste oss ut av lokalet medan kaffitraktaren putra i bakgrunnen. Det var sikkert ikkje det einaste som "stod på kok" denne valdagen.