Etterlyser meir handlekraft
Arbeiderpartiets ordførarkandidat, Helge Steinum, meiner posisjonspartia i Os, Framstegspartiet og Høgre, viser ei defensiv haldning i flyktningsaka.
I eit brev til Os kommune bed Fylkesmannen i Hordaland om at kommunen tek i mot til saman 170 flyktningar dei fire neste åra.
Frå før har kommunen gjort vedtak om å busetja totalt 45 flyktningar i perioden 2015-2017.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Posisjonspartia skryter alltid av at dei hiver seg rundt og viser handlekraft. Kvar vert det av handlekrafta når det gjeld å ta i mot flyktningar og integrera dei på ein ordentleg måte? spør Steinum.
Ordførarkandidaten meiner Framstegspartiet og Høgre har ei defensiv haldning til saka. Han er overraska over at ikkje Høgre har kome meir på banen i flyktningspørsmålet.
- Kvifor skal Os kommune vera så mykje dårlegare enn andre til å hjelpa i ein slik krise?, spør Steinum.
Ventar på ei fagleg vurdering
Ordførar Terje Søviknes (Frp) meiner flyktningsaka er ei stor og viktig sak som krev at politikarane har den bakgrunnsinformasjonen dei treng før dei kan ta ei avgjerd.
- Vi er nok alle innstilte på å stilla opp i den krevjande situasjonen som har oppstått. Samstundes må vi få faglege vurderingar frå flyktningtenesta i Os på kva kommunen kan handtera i forhold til mottaksapparat, helsetenester, norskopplæring, barnehage, skule, bustad og arbeid, påpeikar ordføraren.
Søviknes meiner det er naturleg at administrasjonen i Os kommune utarbeider ei sak med faglege tilrådingar, og at saka vert handsama av kommunestyret i haust.
- På bakgrunn av denne saka vil Framstegspartiet koma attende til kor mange flyktningar vi meiner det er forsvarleg å busetja i Os dei komande åra, seier Søviknes og legg til:
- Os Frp har alltid sagt at vi ikkje skal busetja fleire flytningar enn at vi er sikre på at vi kan gje dei god oppfølging i forhold til integrering, bustad og jobb.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Beriker samfunnet»
Olav Kvinge (H) er vararepresentant i kommunestyret i Os, og på sikker 8. plass i fylkestingsvalet om to veker. Høgre-politikaren seier at han støttar Stortingets vedtak om å ta i mot 8.000 flyktningar dei komande åra.
Kvinge viser til Høgre sitt program der det mellom anna står følgjande: «Norge er et flerkulturelt land der innvandrere beriker både samfunnet og arbeidslivet gjennom den erfaring, kunnskap og arbeidsvilje de har, og de ideer de kan bidra med som følge av at de har en annen kulturell bakgrunn.»
Han viser også til Os Høgre sitt program der ein mellom anna går inn for å styrkja vaksenopplæringa i kommunen: «Høg kvalitet på tenesta er viktig for å sikra våre nye osingar ei god integrering», heiter det.
- Flyktningsaka er omfattande og med mange ukjente faktorar. Det er naturleg at vi må diskutera dette internt i Os Høgre, seier Kvinge.
- Men eg er viss på at partiet kjem til å sjå på alle sider av flyktningpolitikken, og - i samråd med administrasjonen - vil sjå på korleis vi best kan ivareta dei som kjem til Os på ein verdig og inkluderande måte, seier Kvinge.