Telefonstorm etter sein salting
Ein postbil sklei 30 meter, ein buss var i grøfta, mange kom seint på jobb - og saltebilane var ikkje i sving på dei kommunale vegane. Også på fylkesvegar var det glatt, trass i salting.
Vêromslaget natt til onsdag skapte store vanskar i Fusa i morgontimane. Tysdag kveld gjorde regnet snøen om til vatn og slaps før det nattestid fraus på att. Ein bussjåfør med lang erfaring seier at han aldri har sett så glatt veg i Fusa.
Ei mor lufta frustrasjonen på facebook etter at ungane kom for seint på skulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Var ikkje dette varsla? Hadde alle fått det med seg bortsett frå saltebilen?
- Livsfarleg
Bussjåfør Bjarte Samnøy, som også sit i kommunestyret, seier at han er lettare sjokkert over at det ikkje var salta på fleire viktige vegar.
- Både vegen mellom Eikelandsosen og Venjaneset, og vegen mellom Holmefjord og Holsund var utruleg glatte. Me snakkar stål-is. Eg såg ein postbil med piggdekk som sklei 30 meter. Litt glatt må me tola, men i dag var det livsfarleg.
Han etterlyser no svar frå vegmynde og kommune på kva som har svikta.
- Klokka 9 var framleis fleire vegar ikkje salta. Det er for seint. Dette var meldt, og då må det folk i sving klokka 4 slik at vegane er trygge til folk skal på arbeid, seier Samnøy.
Kven har ansvaret?
Hjå vakthavande i Fusa kommune, Gunnar Hatleli, stod ikkje telefonen stille onsdag morgon.
- Ein buss gjekk i grøfta på Berland (Hålandsdalen), og måtte tauast opp att. Bortsett frå det har me ikkje høyrt om noko alvorleg. Men mange har ringt om at dei kom for seint på jobb.
- Kvifor kom saltinga så seint i gang?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Først klokka 8.10 vart eg ringt opp av Helland Hogst, som er entreprenøren med ansvar for dette på kommunale vegar. Då var eg på veg til å ringa til dei for å få dei ut, sidan eg hadde fått så mange telefonar, seier Hatleli.
Dei fylkeskommunale vegane har NCC ansvaret for, medan Helland Hogst altså har ansvaret for dei kommunale vegane.
- Eg har fått beskjed om at eg berre skal reisa ut og strø når Fusa kommune har kalla meg ut, seier Rune Helland i Helland Hogst.
Noko utkalling kom ikkje natt til onsdag. Ansvarleg for teknisk drift, Øystein Havsgaard, tok ikkje telefonen då Os og Fusaposten ringde.
Vegvesenet: - Har salta natta gjennom
Kommunikasjonssjef i NCC, Tor Heimdahl, seier at det er Statens Vegvesen som uttaler seg om standard på vegane. På generelt grunnlag seier han likevel at dei må forholda seg til den kontrakten dei har.
- Dersom me ikkje har levert i høve til kontrakt, må me rett og slett gjera ein betre jobb, seier han.
I Statens Vegvesen er det Vidar Tveiterås som har ansvar for driftskontrakten med NCC. Han seier at dei har vore ute og salta kontinuerleg.
- Me har hatt folk i sving sidan tysdag kveld. Men det er klart at når det plutseleg frys på midt på natta, kan ikkje strøbilane vera alle stader samtidig.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det regna tysdag kveld. Veit du kva tid det fraus på?
- Det må ha vore på natta ein gong. Eg bur i Samnanger, og då eg stod opp i 5-tida var det alt frose. Men me har som sagt hatt folk i sving natta gjennom på fylkesvegane i Fusa, seier han.