Sikra sigeren på siste hol
Familien Vollset frå Sør-Trøndelag prøvde seg denne veka på futgolf på Hauge. Det vart jamt mellom brørne Lars og Erlend.
Brørne hadde brukt like mange spark før det siste og avgjerande holet. Det vart spanande, men ein meisterleg putt frå Erlend sikra han sigeren.
- Me må ta ein runde til. Det er best av 18-hol som tel, ikkje ni. Me må sjølvsagt slå saman rundane, seier Lars, som var bitter etter at Erlend sikra sigeren på siste holet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Erlend fullførte to over par, med sine 33 spark. Lars kunne, og burde, fullført med 34, men tydeleg frustert etter å ha tapt på mållinja, klarte han ikkje putten frå ein meter, og avslutta med 35 spark.
Jobbar i Os
Lars og Erlend spelte saman med foreldra, Kristin og Tore, og kjærasten til Erlend, Janne.
- Korleis fekk de nyss i futgolf-tilbodet?
- Eg og Erlend bur og jobbar i Os. Eg hugsar ikkje kor me snappa det opp, men me fekk i alle fall lyst til å testa det ut, seier Janne.
Familien kjem frå Klæbu i Sør-Trøndelag. Sjølv om dei har futgolf-bane i nærleiken av der dei bur, er Tore den einaste som har prøvt sporten tidlegare.
- Men det kan du ikkje sjå ut frå korleis han spelar, ler Lars.
Trønderane har vore på besøk i Os tidlegare, og sett mykje av kommunen. Tore er imponert.
- Det er ein fantastisk flott kommune. Skjergarden er heilt suveren, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Jamn straum at "futgolfarar"
Banemeister, og primus motor bak futgolfen på Bjørnfjorden Golfklubb, Per-Ove Bahus Lysvold, fortel at det har vore ein jamn straum av "futgolfarar" etter at deiopna banen tidlegare i sommar.
- Det er ikkje berre lokale som kjem innom. Blant anna var det ein Fransk familie som gjekk fleire rundar for nokre dagar sidan, seier han.
Lage hindringar?
Primært er banen open fredag kveld, laurdag og søndag, men banemeisteren fortel at ein kan ta kontakt med golfklubben for å høyra om det er mogleg å få spela også andre dagar. Det er ikkje plass til å utvida banen med fleire hol, men dei kan kome til å gjera banen endå meir spanande.
- På andre baner har dei gjerne fleire utfordringar, som til dømes at ein må skyta ballen gjennom eit traktordekk. Me står nok over traktordekk, men me kjem kanskje til å laga til andre hindringar, som buskar og trær, og å la graset gro, seier Lysvold.