Politiet i Os har hatt ein forhaldsvis roleg helg. Mest intensivt hadde dei det då dei leita etter ein alkoholpåverka mann som sleit med å finna heim til seg sjølve.
Politiet i Os har hatt ein forhaldsvis roleg helg. Mest intensivt hadde dei det då dei leita etter ein alkoholpåverka mann som sleit med å finna heim til seg sjølve.

Søkt husly i feil hus

Ein vaksen mann tok seg natt til laurdag inn i feil hus. Politiet seier at vedkomande truleg ikkje hadde vonde hensiktar.

Det var i 5-tida natt til søndag at politiet i Os fekk melding at ein uvedkomande hadde teke seg inn i ein bustad på austsida av Oselva. Då politiet kom til var vedkomande stukket av.

- Me fann ut kven vedkomande var og prøvde å finna han att. Han kan ha hatt eit såpass uskyldig ønske som å søkja husly. Eller trudde han kanskje at han var komen rett, seier vakthavande politibetjent ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at huslysøkjaren truleg var litt påsegla.

- Dette er ikkje ein såkalla kjenning av politiet. Det er berre snakk om ein mann, som kanskje hadde fått for mykje å drikka, seier politibetjenten.

Etter litt leiting fekk politiet stadfesta at mannen var komen heim til rett adresse.

- Det var godt for oss å høyra. Me gjer naturleg nok vårt for å unngå at folk vert gåande utandørs heile natta i sånt vêr, seier betjenten.

Han forstår uansett at huseigarane som fekk mannen i huset, opplevde det ubehageleg.

- Ja, det må vera eit sjokk å få ein fremmed mann inn mitt på natta på den måten. Men som sagt. Eg trur ikkje han hadde vonde hensiktar.

Fleire kontrollar

Politiet i Os har hatt fleire kontrollar i bygda denne helga. Natt til laurdag var dei på plass på Ulven, på Nore Neset og ved Uno X-stasjonen. Ved ingen av tilfella avdekka dei noko ulovleg.

Natt til søndag hadde dei promillekontroll ved Jokeren på Søfteland. Heller ikkje her fann politiet straffbar åtferd.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Os sentrum har det vore ein nokså roleg helg. Unntaket var nokre tumultar natt til søndag.

- Me fekk melding om høglytte diskusjonar og tumultar utanfor ein utestad på Øyro. Fleire var visstnok involverte, men då me kom til var dei fleste gått kvar til sitt. Ein person klaga over smerter i armen, men kva dette kom av fekk me ikkje heilt svar på. Eg trur ikkje det hadde vore direkte slåsting, seier politibetjenten ved Os lensmannskontor.

Han trur ikkje denne saka vert meldt.