Os barnehage har fleire gonger opplevd at leiker og utstyr har blitt øydelagd i løpet av helga.
Os barnehage har fleire gonger opplevd at leiker og utstyr har blitt øydelagd i løpet av helga.

Hærverk i Os barnehage

Tilsette og born i Os barnehage har fleire måndagar blitt møtt av eit lite hyggjeleg syn i barnehagen sin.

- Vi synest det er fint at folk bruker området vårt i helgene, men blir leie når vi kjem på jobb måndag og finn boss, gjerder slengt rundt, og i dag, hærverk på "bensin-pumpene" seier ein oppgitt styrar, Elisabeth Nordstrand.

Ho fortel også at dei,til liks med Amfi, har opplevd at born eller ungdom har teke seg opp på taket på barnehagen.