Sikra NM-billett
Strandvik G-15 for er klare for NM volleyball i Kristiansand etter 2. plass i regionsmeisterskapen i helga.
- Me er sjølvsagt godt nøgde med 2. plassen, og ikkje minst at me sikra NM-billetten, seier lagleiar Hanne Tuft.
Vann dei to første
Gutane frå Strandvik fekk ein perfekt start på regionsmeisterskapen, med ein klar siger over Sveio. Det blei også siger i kamp nummer to, som var mot Strand-Ulv. Etter at laga hadde vunne kvart sitt sett, drog gutane frå Strandvik sigeren i land i tredje og avgjerande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tap for suverene Nyborg
I siste kamp møtte gutane Nyborg, som var hakket kvassare.
- Det blei tap for Nyborg, som vann gruppa, seier Tuft.
Uansett, lagleiaren har ikkje noko å utsetja på innsatsen. No ventar hardtrening før NM.
- Me er faktisk to lag frå Strandvik som har kvalifisert seg til NM i år. Både G-15 og J-15. Me ser fram til mars, seier Tuft.