Det var tøffe tak i tida før rettetanga, då måtte strykejernet fram for å glatta ut permanenten. Og korleis det kunne gå fekk revypublikumet sjå.
Det var tøffe tak i tida før rettetanga, då måtte strykejernet fram for å glatta ut permanenten. Og korleis det kunne gå fekk revypublikumet sjå.

Ungdomen strålte på scenen

Mykje talentfull ungdom fekk vist seg fram då ungdomskulen i Eikelandsosen spelte revy onsdag. Sjå sjølv i vår video.

Revyen hadde nytt og gamalt som tema, for å markera at skulen er 50 år.

Revyen varte kring halvannan time, inklusive reklamepause - med reklamevideoar som også var produserte av elevar ved skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvelden baud på mange innslag av dans, song og revy. Det heile til stødig akkompagnement frå dei dyktige musikarane i bandet.

Det er beint fram imponerande at det finst så mange flinke ungdomar ved skulen.

Lokalavisa sin utsende lét seg imponera av innslag i alle stilartar, og koste seg slik det såg ut til at resten av publikum også gjorde.

Fleire  av ungdomane briljerte med imponerande flott song.
Fleire av ungdomane briljerte med imponerande flott song.
Revyen hadde ny og gamal tid som tema. Her fekk vi eit innblikk i korleis dei gamle har det. Ikkje alltid så lett å forstå seg på ungdomen som har nasen i mobilen og iPaden til ei kvar tid.
Revyen hadde ny og gamal tid som tema. Her fekk vi eit innblikk i korleis dei gamle har det. Ikkje alltid så lett å forstå seg på ungdomen som har nasen i mobilen og iPaden til ei kvar tid.
Glade dansemoves.
Glade dansemoves.
Bussen til byen tek såååå lang tid. det er sååå kjedeleg. Men når ein kjem fram, må Facebook oppdaterast, og alle få veta kor kjekt ein har det.
Bussen til byen tek såååå lang tid. det er sååå kjedeleg. Men når ein kjem fram, må Facebook oppdaterast, og alle få veta kor kjekt ein har det.
Tøffe musikarar må ha solbriller på.
Tøffe musikarar må ha solbriller på.

Framsyninga vart spelt to gonger onsdag kveld. Dei som ikkje fekk det med seg då, kan få ein liten smakebit i videoen her.