Spreidde hjartevarme på Osøyro

Med sterke appellar og vakker song vart osingane sundag bedne om å visa si støtte til «Medics Bergen» som hjelper flyktningar på Lesvos.

Sundag ettermiddag arrangerte Os sentrumsforeining sitt årlege hjartevarme-prosjekt. I år gjekk det til inntekt for «Medics Bergen» som arbeider for flyktningar som tek den farlege turen over Middelhavet - på flukt frå krig og naud.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterk appell

Osingen Stine Haldorsen Bakke er ei av dei som har vore med ned, og ho heldt appell om korleis det påverka ho som mor å vera på Lesvos.

- Desse menneska er akkurat som oss. Det er borna våre, søskena våre, foreldra våre, venene våre og besteforeldra våre. Mammahjartet blør for dei små prinsane og prinsessene som risikerer livet for å nå Europa, sa Haldorsen Bakke.

Det er ikkje "oss" og "dei"

Den norske songaren og songdiktaren Marthe Walle opptredde i lag med den syriske flyktningen Manar, som no bur i Os. Han er klassisk gitarist frå byen Homs på flukt frå krigen i landet.

Butikkeigarane Katrine, Laila og Tove er nokre av dei som står bak Hjartevarme-arrangementet.
Butikkeigarane Katrine, Laila og Tove er nokre av dei som står bak Hjartevarme-arrangementet.

- Eg håpar eg kan gje eit lite bidrag til å bryta ned den tanken om dei skumle flyktningane er eit skummelt og framand "dei" som står i motsetning til "oss". Det er ikkje dei eller oss, det er me, sa Marthe Walle.

Tove Tvedt Skarstein, som er ein av dei som står bak arrangementet, takka artistane og «Medics Bergen» etter konserten.

- Tusen takk. De utgjer sånn ein forskjell, sa Skarstein.

Sjå Marthe Walle og Manar framføra "Mitt hjerte alltid vanker":

 

Artikkelen held fram under annonsen.

"Carolling" i butikkane

Etterpå spreidde Nornekoret juleglede i alle dei søndagsopne sentrumsbutikkane. Den britiske tradisjonen med "Carolling" har slått godt i an i Os, og dei gjentok difor suksessen frå i fjor. Det går ut på at ei mindre gruppe songarar syng fleirstemte julesongar på offentlege stader - rett og slett for å spreia juleglede.

- Me fekk veldig mange gode tilbakemeldingar. "No kom eg i julestemning", sa Tvedt Skarstein som også er medlem av Nornekoret.