"Silent night" i Os
Det var bra med folk på julemarknaden i helga, men på kveldsope i Os sentrum glimrar osingane med sitt fråvêr.
Det er måndag kveld i Os. Bydraget på Osøyro er på sitt mest idylliske i desember månad. Julelenkene over gata glitrar mot stjernehimmelen, på torget er juletresalet i gang, og utanfor butikkane er det tent faklar og te-lys. Alt er som det skal, det einaste som manglar er...folket.
- Jau, det er litt stilt no i starten av veka, men etter kvart som det nærmar seg helga tek det seg opp, seier Paul Sigurd Sælen på Jernia.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han hadde nokre kundar då «Os og Fusaposten» var innom i halv sju tida måndag. Elles var knapt eit menneske ute og gjekk i Os sentrum.
Ikkje alle veit
Blant to av dei som lokalavisa møtte på, var det berre ein som visste at det var kveldsope desse siste vekene fram til julaftan.
- Å, seier du det. Nei, eg var berre i forbifarten og såg at det var lys i vindauga, seier Morten Halhjem.
Han nytta høvet til å kjøpa lampeolje.
- Kjerringa har mast om det i lang tid. No blir ho blid, humra Halhjem.
Paul Sigurd kunne konstatera at det faktisk kan vera noko i det at ikkje alle veit.
- Sentrumsforeninga informerer og annonserer, men det er sikkert mange osingar som ikkje veit at me har ope desse kveldane. I så måte kan jo ein slik reportasje som du no lagar vera bra, seier Sælen jr.
Han og broder Hans Kristian er elles godt nøgde med julemånaden så langt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har mange kundar og gode tal. Det var også bra med folk i samband med julemarknaden laurdag, og på søndagsope, seier junior-Sælen.
Noko å gjera
Nøgde med helga var også Marianne Holmefjord og Eli Skeie hos Os Blomsterservice ved torget. Men måndag kveld var dei glade dei hadde andre arbeidsoppgåver enn å ekspedera kundar, kundar som glimra med sitt fråvêr.
- Laurdag var det veldig bra med folk. Søndag var også bra, men i dag er det heilt stilt, seier dagleg leiar Eli Skeie.
Eigar Marianne Holmefjord er klar på at ho ikkje kunne hatt ope om dei ikkje hadde hatt anna å gjera.
- Det er kjekt med opne butikkar, men me kan ikkje ha ope for moro skuld. Me kan heldigvis få laga til ein del bestillings-varer. Då gjer me i alle høve noko fornuftig, seier Holmefjord.
Ho har drive butikk i Os i 26 år og er positiv til kveldsope, men ser at osingane er treige med å finna vegen om ettermiddagen og kvelden.
- Det blir veldig ofte tomt i gatene etter klokka 17.00. Om sommaren er det annleis, men no i mørketida er det lenge mellom dei få som stikk innom, seier ho.
Må få tak
Så lenge Marianne har drive butikk i Os har det vore diskutert opningstider og parkerings-reglement. Sjølv trur ho det er andre ting som må til for å få eit realt oppsving.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har sagt det før, og eg seier det igjen. Ein bør få tak over heile Osøyro. Då vil fleire butikkar opna her. Inntil så skjer, er eg redd me vil oppleva at det vil tynnast i rekkjene, seier ho.
- Men no må ikkje me høyrast så negative ut. Me har framleis ein del ting i Os som er unikt. Me er kanskje inhabile, men eg opplever heilt klart at servicen og kunnskapen er større i butikkane her, enn på eit senter. Det må me jo håpa at folk ser og verdset. Elles kan me jo appellera til folk som les dette. Ein frostig kveld på Osøyro, med julegrana lysande på torget - kan vera svært så koseleg og annleis enn å tråkka rundt inne i eit senter, legg Eli Skeie til.