Klima, sanning, profetar og profitørar
Det var ei svært frigjerande oppleving den dagen eg i fagleg drøfting med kollegaer forsto at allmengyldig sanning er noko som knappast finst.
Ei av få slike sanningar er at naturen endrar seg heile tida. Det gjer også vi menneske, som ein del av den.
Når vi elles veit at sanning er noko ein flokk (jfr. Per Fugelli) menneske definerer, skjønar vi kanskje endå betre kor relativt omgrepet sanning er. Med dette utsegnet er eg alt i motsetnad til store flokkar menneske som har underkasta seg ein autoritet dei kallar gud, allah, og mange andre namn. At dei likevel ikkje har funne noka sanning, er all usemja i flokkane, og mellom dei, vitne om.
Artikkelen held fram under annonsen.
Svært lite presise
Men i dag har vi mange andre organisasjonar og flokkar av folk som sluttar opp om andre såkalla autoritetar, og som dei før nemnde er viljuge til å slåst eller utøva terror for - for ei sanning dei hevdar eksisterer. At dette gjerne vil gå ut over folk i deira eige nabolag og land, synest ikkje å uroa dei det minste. Dei talar gjerne varmt for generelle miljø- og klimatiltak som kan ramma mange av deira medborgarar alvorleg økonomisk og med omsyn til generelle levekår.
Desse flokkane har ivrige talsmenn som ofte opptrer i sosiale og andre media. Dei blir gjerne sett på som idealistar, og framstår i rollen som autoritetar som hevdar sanningar som gjerne er svært lite presise, men som religiøse slike, lovar dommedag, død og forderving.
Naturlege forklaringar
Når eg ser og høyrer om kva naturen sjølv er i stand til å utføra, blir eg ofte full av glede over denne krafta som eg ser som nærast utemjande. Små døme kan vera plantar som pressar seg opp gjennom asfalt og gamal betong, vegar som blir borte under skog og torv, og vinterstormane som meier ned skog og knuser båtar og naust. Meir omfattande døme er vulkanutbrot som stoppar flytrafikken i sentrale Europa, eller katastrofale tsunamiar som i Thailand og Japan. Slike "plager", som vi også høyrer om i dei såkalla heilage skriftene, har ein i dag funne naturlege forklaringar på.
All grunn til å vera skeptisk
Det har i nokre nummer av denne lokalavisa vore ei meiningsutveksling om det store klimaspørsmålet i verda, om dei omskifta vi ser er menneskeskapte eller ikkje. Sjølv ser eg det slik som forskarane lærer i utdanninga si, at ein faktor som samvarierer med ein annan, ikkje treng vera årsaka til den andre, eller omvendt. Noko meir er det vel eigentleg ikkje klimaforskarane har funne, enn at fleire faktorar i naturen samvarierer eller korrelerer.
At vi har stigande utslepp av CO2 treng såleis ikkje vera årsaka til at temperaturane stig. Når ein så tenkjer over alle dei fordelane som kan oppnåast med å hevda at katastrofar eller dommedag nærmar seg, er det all grunn til å vera skeptisk. Eitt enkelt døme er Rasmus Hansson, som oppnådde å bli stortingsmann og få mykje merksemd og sosial status grunna sine meiningar.
Profitørar
Etter siste verdskrigen snakka ein mykje om profitørar, som tente store pengar på å produsera varer og tenester som krigen skapte behov for. Slike profitørar finst det svært mange av til alle tider, og det er klart at mange tener godt økonomisk, sosialt eller karrieremessig på teorien om ein nær og menneskeskapt klimakatastrofe.
Det gjeld også unge, energiske, idealistiske menneske som skal finna ut av seg sjølv og livet, og ikkje har den erfaringa som trengst til å kunna moderera sin aktivitet til noko som er akseptabelt for dei fleste. Og det er jo fleirtalet av oss som utgjer eit demokrati?
Syndarstempelet
Eg må innrøma at eg set lite pris på nye flokkar som vil pressa på oss syndarstempelet, og gjera klimaspørsmålet til eit personleg spørsmål, eller hevdar at vi nordmenn skal gå framfor med eit godt eksempel. Når eg t.d. er ute i verda og ser vegar med 6-8 køyrefelt i kvar retning utan reduksjon i trafikken heile døgnet, blir eg matt over trua på kva vi i Noreg kan gjera for heile kloten vår. Og når eg høyrer at ein dieselbuss ureinar like mykje som 300 personbilar, blir eg endå meir overgitt over aktiviteten til klima- og miljøprofetane som skal ha kvar einskild av oss til å løysa desse utfordringane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Desse må løysast med fokus på produsentar av varer og tenester, t.d. som ein no ser ved å leggja fram straum til cruiseskipa på hamna i Bergen, og krevja at skipa brukar denne. Til slutt blir det jo kvar einskild medborgar som betaler dette òg, men då dei som brukar tenestene, som meir rettferdig er. Dei fleste av produsentane tener også gode pengar, og kunne godt tola dei kostnadene som ein meir miljø-og klimavenleg produksjon ville kunna medføra.
Og mange av varene og tenestene treng vi kanskje ikkje heller, fordi behovet for dei ofte er skapt av leverandørane sjølve? Jamfør t.d. porsjonspakkane med kjøt og fisk, som medfører ein formidabel auke av emballasje, og som ofte gjer at vi må kjøpa meir av den aktuelle vara enn det vi treng.
Sanninga er ikkje funnen
Min konklusjon er at sanninga om klimautviklinga ikkje er funnen, og at folk flest ikkje kan ha skuld eller ansvar for utviklinga, korleis ho no blir.
Det var såleis neppe menneskeskapte tilhøve som skapte istidene, korkje store eller små. Det finst sjølvsagt grenser for kva kloten vår toler av menneskeleg energibruk og aktivitet, men desse grensene har eg grunnlag for å tru er langt vidare enn miljøidealistar hevdar.
Kanskje ville vi få store utfordringar i livet dersom alle flokkar på jorda skulle ha levekår som vi i Norden og Vesten? Det er truleg dette perspektivet som får høgtståande politikarar ute i verda til å vera så opptatte av klima- og miljøutviklinga - ikkje at vi alt er komne så langt at det er fare på ferde i nær framtid.
Lat oss vera medvitne desse spørsmåla, og gjera fornuftige ting utan å skulla redusera rimelege levekår som vi har arbeidd hardt for i fleire generasjonar!
Gode døme på slike tiltak har vi sett når myndigheitene stimulerer folk til å kjøpa nye vedomnar eller køyra el-bil, i staden for å nekta dei å fyra med ved eller køyra bil. Å skaffa nok energi i framtida er ikkje noko problem, heller tvert om. Det største problemet i verda får vi om vi slepper grådigheit og kapitalkrefter fri. Kanskje er dette ei allmengyldig sanning, som den uovervinnelege naturen har skapt?
Roald Anthun