Legg til rette for storinnrykk
Det er ikkje berre billettane til Paul McCartney som vert lagt ut i desse dagar. I morgon kan ein også få seg billettar til cupkampen mellom Os og Lysekloster.
- På Brann-kampen i fjor vår hadde me nær oppunder 2.000 tilskodarar. Det skal me klara å ta imot også denne gongen, men meir realistisk håpar me på bortimot 1.500 tilskodarar, seier arrangementsansvarleg i Os Turn, Egil Hodneland.
Noko eige
Han viser til ein oppgang i talet på tilskodarar denne vinteren, og til at lokaloppgjer er noko heilt eige.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har hatt veldig mange tilskodarar på treningskampane no i vinter. Faktisk fleire enn på enkelte av seriekampane i fjor. Dessutan veit me at lokaloppgjer lokkar mange skodelystne. Det er noko spesielt med slike oppgjer, enten dei er i London eller i Os. Dei skapar engasjement og laga mobiliserer alltid litt ekstra til sånne kampar, seier Hodneland.
- Og du lovar ei flott ramme kring kampen?
- Det må me gjera. Me skal gjera alt for å leggja til rette for ein flott cup-kamp, så får publikum gira seg opp og laga stemning, seier Hodneland.
Utsal på Kuventræ
Sonen Niklas Gjerstad Hodneland tek sin del av ansvaret for stemningsskapinga.
- Niklas er speaker. Han elskar den jobben, og vil gjera sitt yttarste for at publikum får den informasjonen dei treng både før, under og etter kampen.
Billettar til kampen er å få kjøpt på Kuventræ og eit par andre utsalsstader frå i dag av.