Kommentar til «Åpent brev til Oksnes»

Fartsgrenser handlar om meir enn bilistars komfort, skriv Vidar Bratlund-Mæland.

Eg las din (lokal bilist som sendteope brev til UP, red.anm.) kommentar til UP, og er einig med deg i dine kommentarer om takt og tone i forhold til korleis UP-leiaren uttalte seg.

Les også:UP dresserer bilistane

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg forstår også vanskane dine med å vera uten "lappen". Men i din tekst uttalte du "Har du, fotgjenger eller syklist, følt deg utrygg? Jeg ber deg oppriktig om unnskyldning, du som brukte fortauet langs ved veien når jeg passerte deg i 77 km i timen. Skriv gjerne til lokalavisen vår og si din mening, men alt i alt tror jeg ikke du led noen nød?".

Eg bur rett i krysset, i det kvite huset utan kors på taket. Det er riktig at på dei omlag 200 meterane før krysset er det lys og tilrettelagt for fotgjengarar. Det er det ikkje i svingen frå bedehuset og bort til Lepsøykrysset. Der går det skuleungar til og frå, samt pensjonistar og småbarnsforeldre kvar dag. Det er sterkt uoversiktleg, og eg går med hjartet i halsen kvar dag eg sender ungane avgarde til Lunde barneskule.

Når du kjem der i 77 km/t har du eigentleg ikkje sikt til å sjå ungane eller andre. Veldig mange bremsar ikkje opp når dei ser ungane der. Dei roper heller ut vindauget til ungane. Eg seier ikkje at du gjer det, men slikt skjer og det er ubehageleg. Når guten min begynte på skulen for fem år sidan, gjekk eg til kommunen og spurte om ein kunne få fotgjengarovergang og sikring. Eg fekk den gongen tilbakemelding om at det finst planar om dette... Eg håpar ikkje det må ei alvorleg ulukke til før desse planane vert sette ut i live. For det har me ikkje råd til. Fartsgrensa handlar om meir enn din komfort.

Vidar Bratlund-Mæland