Fekk prøva seg som vaskeekte agentar

Forstørringsglas, hanskar og agentkoffert. 3. klassingane fekk laurdag smaken på korleis det er å vera ein vaskeekte agent.

51 3. klassingar samla seg i helga i Os kyrkje for å ta del i Tårnagenthelga. Saman skulle dei vera med og løysa mysterium inne i kyrkja. Spenninga og forventningane var til å ta og føla på, og borna var meir enn ivrige på å koma i gang med oppdraget.

Kodar og trylletriks

Sokneprest Margrethe Holmboe Askeland fortel at opplegget er ein del av trusopplæringa i kyrkjelyden.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er ein artig måte å læra borna opp i trua. Agentane får ulike oppgåver å løysa. For kvar oppgåve kjem dei fram til ein bokstav. Til slutt set dei desse saman, og har løysinga.

3. klassingane fekk ein grundig gjennomgang av hovudsakleg bibelforteljingar, men òg symbol i kyrkja. Dei ulike oppdraga kunne innehalda alt frå å knekka kodar til trylletriks.

Passord ved inngang

Då agentane kom inn i kyrkja, vart dei bedne om å seia "passordet". Passordet var konfidensielt og Os & Fusaposten vart beden om å ikkje avsløra det. Hemmeleghaldet gjorde det heile endå meir spennande. Ein opptaksprøve måtte dei også gjennom. Heldigvis bestod alle saman.

Mysterieløysing over vaskedag

Dei nye agentane Lars, Matiss, Eirik og Ole Morten, syntes det var spennande å løysa gåter.

- Det kjekkaste med dagen i dag er at vi får vera med på å løysa mysterium, fortel Lars.

Dei andre gutane nikkar samtykkande.

- Var det grunnen til at de kom hit i dag?

- Ja, og fordi det verka veldig kjekt. Det hadde vore keisamt å berre vera heima i dag, seier Matiss.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Skal eg seia kvifor det hadde vore keisamt å vera heime hos meg i dag? Det er fordi i dag er det vaskedag. Det er veldig keisamt, faktisk. Difor er det mykje kjekkare å vera her, skyt Eirik inn.

Borna hadde også ei sentral rolle i gudstenesta dagen etterpå, og nytta laurdagen til førebuing.