(Illustrasjons
(Illustrasjons

Innbrot på Baldersheim

Politiet ber hytteiegarar sjekka eigedomane sine etter at tjuvar braus seg inn i ei hytte og eit naust i Fagervik på Baldersheim fredag.

Fredag morgon i 8-tida skal to personar ha brote seg inn i ei hytte og eit naust i Fagervik på Baldersheim. Gjerningspersonane skal ha stole mellom anna eit knivsett, brennevin, ein kartplottar og ei lensepumpe.

Politiet har vore på staden og sikra spor.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er det lokale folk eller omreisande som står bak?

- Det veit vi rett og slett ikkje, men eg trur kanskje ikkje det er omreisande, seier politibetjent Anders Opsal ved Fusa og Tysnes lensmannskontor. Han ber no dei som har hytte i Baldersheim-området om å sjekka eigedomane sine, eventuelt få nokon andre til å sjå etter om alt er i orden.

- Fleire sommarhytter i området står tome store delar av året. Difor kan det vera gjort innbrot i fleire hytter utan at vi veit om det enno, seier Opsal.

- Om nokon har sett noko eller reagert på noko, så tips oss, seier Opsal til slutt.