(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

Leitaksjon i Lysefjorden

Ein gut i 20-åra vart i dag tidleg funnen nedkjølt, men i god behald etter ein kort leiteaksjon i Lysefjorden.

I dag tidleg vart det sett i gong leiteaksjon i Lysefjorden etter at ein gut i 20-åra hadde bestilt taxi to gonger. Då taxien kom til avtalt stad, fann dei han ikkje. Sjåførane vart naturleg nok urolege, og melde frå til politiet.

- Vi sette i gong ein leiteaksjon i morgontimane og fann raskt guten. Han var nedkjølt og vart frakta til Legevakta. Alt er no ok, seier vakthavande ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet vart tilkalla til Halhjemsmarka i 19-tida fredag kveld etter mistanke om brann i eit bustadhus. Der kunne dei raskt konstatera at røyken som kom frå taket, skuldast arbeid på huset og ikkje brann. Røyk utan eld, der altså.  

I to-tida i natt, kom det melding om at eit tre hadde ramla ned over Drangsvegen og at det ikkje var mogleg for bilar å passera. Treet hadde også rive med sg ein telefonledning. Saka vart meld vidare til Vegtrafikksentralen og treet er truleg rydda no, meiner politiet i Os.