Går for OL-kravet

Ariel Braathen (16) er på plass i Stockholm for å tevla i Swim Open. Søftelendingen skal forsøka å klara OL-kravet.

- Eg har toppa mot denne meisterskapen, så forma er bra, seier Ariel og legg til:

- Eg skal fokusera på arbeidsoppgåvene mine, og håpar sjølvsagt at eg skal klara OL-kravet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møter verdsrekordhaldar

Søftelendingen skal i bassenget torsdag. Då står 50 meter bryst på programmet. Fredag ventar 200 meter bryst, før siste øvinga, 100 meter bryst, går av stabelen laurdag.

I Swim Open møter Ariel mange sterke konkurrentar. Silje Mikkelborg, som Ariel ofte konkurrerer mot i Noreg, er ein av dei. Det same er verdsrekordhaldar på 100 meter bryst, Ruta Meilutyte frå Litauen.

- Eg reknar med at ho kjem til å vinna 100-meteren. Ho er i alle fall storfavoritt. Eg lurar på om ho ikkje er verdsrekordhaldar på 50 meter også. Uansett, så er ho veldig rask på den øvinga òg.

 

I symjemodus

Ariel landa i Stockholm i dag, og går no inn i "symjemodus", der ho blir verande dei neste dagane. 16-åringen er ekstremt fokusert under stemner. Det er ikkje utan grunn at ho harsanka 232 medaljar dei siste seks åra.