Ikkje heilt vanleg å sjå ein ekte bauekorpsgut marsjera i Os sentrum.
Ikkje heilt vanleg å sjå ein ekte bauekorpsgut marsjera i Os sentrum.

Bauekorps i Os?

Ein einsam bauekorpsgut hamra laus på tromma si medan han marsjerte over brusteinen i Os sentrum torsdag.

Med brusteinen på plass var det for underteikna eit ganske så vakkert syn å sjå bauekorpsguten marsjerande nedover Bydraget i Os sentrum torsdag ettermiddag.

Og medan skarptromma jalla mellom husa, var det som eg brått var tilbake på Sydneshaugen og kjende lukta av fårikål frå dei små smaua mellom husa like ved Dragefjellet skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rekrutteringsoppdrag

Det var naturleg nok fleire som reagerte på den vesle uniformerte guten med den kvite tromma. Bauekorps er ikkje vanleg syn på Osøyro.

I dei fleste av vindauga som vender mot hovudgata i Os dukka det opp nysgjerrige auge. Samtlege undra fælt på korleis denne vesle trommeguten med alpelua hadde forvilla seg til Os sentrum.

Underteikna tok med seg kamera og sprang ut for å få svar.

- Eg er ute i gatene for å prøva å rekruttera fleire folk til korpset mitt. Eigentleg skulle eg hatt med meg eit par gutar til, men dei kom ikkje, smiler Chochise Holland.

Sviktar ikkje korpset

14-åringen er nytilflytta i Os. Før han vart osing budde han på Skansen i Bergen.

- Det er også Skansen Bataljon som er bauekorpset mitt. Eg har gått gradene frå fotsoldat til slagar, troppssjef og flaggberar, fortel Chochise.

- Du skulle ikkje ha starta eit bauekorps her i Os då?

- Nei, det får andre gjera. Ein gong Skansen-gut, alltid Skansen gut, svarar 14-åringen resolutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men til Os er du komen for å bli.

- Ja, eg går på Os ungdomsskule og trivst godt der og i bygda. Men bauekorpset vil eg ikkje svikta. Det er folk som har pendla større avstandar enn meg. Tidlegare hadde me ein som tok toget frå Austlandet for å koma seg på øving, humrar Chochise.

- Korleis er det med klassekameratane, får du nokon med deg?

- Me får sjå. Eg får prøva å overtala nokre av klassekameratane mine i 9D på Os ungdomsskule, seier bauekorpsguten før han marsjerer vidare på brusteinen i paradegata til Os.