Ingen skam å snu!

Me i Øyane som er i mot bru, har tydelegvis hatt alt for stor lit til at våre representantar skulle klara å verna om øya vår. Der tok me feil! Kanskje er dette noko av grunnen til at folk no har vakna?

Mykje har endra seg den siste tida. Vi står ovanfor eit val som, både osingar og øyafolk, frå den tid prosjektet blei presentert og fram til for ikkje så lenge sidan, har sett på som usannsynlige planar. At ei bru skal byggjast med fire felt motorveg og komma susande inn i Kobbavågen og inn over Os-bygda er uverkeleg for mange.

I konsekvensutgreiing E39 Stord-Os står det følgande: På Røttinga vert hytter og bustader, nærast veg, støypåverka, i tillegg til at Kobbavågen som natur/nærfriluftsområde vert sterkt råka. Alle alternativa er øydeleggjande for Kobbavågen, då ilandføringa skjer på fylling gjennom sentrale delar av Kobbavågen. Det er knytt stor uvisse til varige verknader av gjennomføringsfasen, og særlig til plassering av overskotsmasser frå tunnel. Det er sannsynleg at Kobbavågen vil verta varig endra og omforma i alle alternativ. I tillegg kan det få innverknad på fritidsfiske. Alle alternativ har store negative konsekvensar for friluftsområda i Søre Øyane".

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er fakta! Dette står skrive svart på kvitt! Når vi no uttrykkjer uroa til lokalpolitikarane våre får vi til svar at vi ikkje forstår saka!

Ja, det er riktig at nokon av oss gjerne ikkje har lest igjennom heile utgreinga, men alle skjønnar hovudteikninga!

Kjem engasjementet for seint? Vel, vi lever i den trua at det ikkje er for seint før første spadetak er sett eller det første skjeret er sprengt vekk. Vi meiner posisjonen har vore feige og villeiane heilt frå fyrste stund i denne saka. Dei var feige den gongen dei ikkje tok stilling til trassévalet sjølv, men la avgjerda i hendene på staten. Dei har etter dette klart å skapa eit inntrykk av at dei har stor påverknadskraft i forhold til ilandføring av brua og at dette ville gjerast på den mest skånsame måten som overhovudet mogleg! Ka skal vi seia?? Er dette den mest skånsame løysinga de kan sjå føre dykk?

Me i Øyane som er i mot bru, har tydelegvis hatt alt for stor lit til at våre representantar skulle klara å verna om øya vår. Der tok me feil! Kanskje er dette noko av grunnen til at folk no har vakna?

Av dei som sit i posisjon blir vi møtt med at "vegen ikkje vil koma inn i fjell på land, men gå ned i ei kunstig øy 50 meter frå land og dermed ikkje gjera så stor skade i Kobbavågen" vidare vil «sjølvsagt anleggsvegen gjerast så liten og smal som mulig og dekkjast fint til igjen etterpå og alle massar skal fraktast vekk på lekter. Det skal bli så fint og flott! Dette har jo Vegvesenet sagt!".

Vel, kjære ordførar, vi har blitt snakka til fant tidlegare i denne saka, men denne gong skjer det ikkje.

Konsekvensane av å godta høyringsforslaget i dag vil, slik vi ser det, gjera uboteleg skade på heila Os-bygda og på øyasamfunnet vårt. For det er ikkje berre øyene som blir berørt av denne vegen. Kva med området kor vegen kjem opp?

I tillegg ligg det nye fakta på bordet. Kommunen vår vil snart bli utvida, og saman med Fusa blir vi Bjørnefjorden kommune. Dette var ikkje med i vurderinga til veljarane då trasévalet blei tatt. Søviknes ønskte at vegen skulle gå igjennom kommunen, vel no viser det seg at vi hadde fått vegen gjennom kommunen uansett om det hadde vorte midtre eller indre trasé. Bør ikkje dette sjåast nærare på i ei så viktig sak?

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjære politikarar, kjenn etter! Vil de verkeleg dette? Ynskjer de ikkje kjempa? Det er no vi kan seia vår meining! Ytra vår meining om at forslaga frå Statens Vegvesen er for urimelege! Det er no vi har sjansen til å seia det!

Vis oss at det nyttar å stå opp for det me trur på! Vis alle i Norge at det nyttar å kjempa og stå opp for det dei trur på! Vern om kommunen vår, vern om naturperlene våre! Det er jo dette som er sjølve essensen i livet!

Vi ynskjer med dette å oppfordra representantane våre i kommunen til å gi et sterkt signal om at forslaga som no ligg framme ikkje kan aksepterast. Vis motstand i dag!

Eit samla kommunestyre vil stå sterkare mot den høge makta og gje dei kamp! Vis styrke! Stå i MOT!!

Det er ALDRI for seint å snu!

Sigrun Helen Røttingen, Gunn Merete Sundøy Røttingen, Mariann Fjæreide Helland, Linda Austevoll, Helge Røttingen