Framleis eit problem med vald på privatfestar
- Private selskap er meint å vera hyggelege. Då bør ein halda seg for god til å utøva vald, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Sist helg fortalte lensmann Oddbjørn Dyrdal at politiet hadde hattmange oppdrag relatert til vald på privatfestar.
- Det er diverre nokre personer som øydelegg for resten. Eg synes det er betenkeleg at det er i private selskap at det vert utøvd vald, seier Dyrdal og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Høve til å gå inn med førebyggjande arbeid er mindre for oss når det er snakk om slike selskap. Det er vanskelegare for oss å vera tilstades der, enn på offentlege arrangement som vi veit om.
- Er det dei same bustadene de må rykka ut til?
- Nei. Det er ingen regel. Det er som regel snakk om ulike stader.
Har skrive mange mangellappar
Elles har politiet hatt ein del trafikkontrollar i helga.
- Det er gitt ein del pålegg om å følgja opp med EU-kontroll. Vi har skrive ut ein del mangellappar, for å seia det slik, seier Dyrdal.