Samdal går, firmaet består
Sverre Samdal kastar inn skiftenøkkelen, og er klar for livet som pensjonist. Eller er han eigentleg det?
- Eg er klar for å gje stafettpinnen vidare. Trond Milde tek over taumane. Han og resten av gjengen sit på så mykje kompetanse at eg er heilt sikker på at forretninga går ei lys framtid i møte, seier Samdal.
Aktiv i bransjen i 55 år
Det er ei sanning med visse modifikasjonar at han skal gje seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg reknar med at eg kjem til å jobba vidare som konsulent i firmaet. Eg hamnar nok i eit horn på veggen til slutt, ler Samdal.
Me trefte godt med tidspunktet for intervjuet med Samdal. Han hadde faktisk bursdag, men me fekk beskjed om at det ikkje var naudsynt å setja det på trykk i avisa.
- Eg har halde på i denne bransjen i 55 år. I år er det 45 år sidan eg starta mi eiga bedrift i Os, fortel Samdal.
Buss og trikk i arbeidstida
Rørleggermeisteren må reknast som osing etter kvart, men han kjem opphavleg frå Fana. Då han starta i rørleggjarbransjen, jobba han for eit firma i Bergen.
- Det er heilt utruleg korleis arbeidskvardagen har endra seg sidan då, seier Samdal og held fram:
- Me heldt til på Nordnes. Om me skulle på ein jobb i Solheimsviken, så måtte me ta bussen eller trikken. Etter å ha sett kva me trong av utstyr, måtte me reisa attende til lokalet på Nordnes, for å henta dette. Me kunne berre gløyma firmabil. Det var det berre sjefen som hadde.
Moderne utstyr
I 2015 er det heilt andre tider. For det første kan me avkrefta myten om at rørleggjarar som oftast vert observert liggande halvvegs oppi eit toalett med "rørleggjarsprekk".
- Det har aldri vore slik. Det har blitt ein myte med åra. Det var ikkje slik då eg starta, og det er ikkje slik i dag. Men arbeidsdagen er ganske så annleis no enn på 60-talet.
Artikkelen held fram under annonsen.
For Sverre har det vore viktig å følgja med i tida når det gjeld utstyr og kompetanse. Firmaet var tidleg ute med å skaffa seg tv-kamera for å inspisera nye og gamle røyr, lekkasjesøk-utstyr, og høgtrykkspyle-bil for å løysa opp i tette avløp.
- I tillegg kjem vanleg rørleggjararbeid i bygg og anlegg, seier Sverre.
Frå meieriet til vaskeriet
I 1969 fekk Sverre meisterbrevet. På den tida jobba han i Os kommune i teknisk etat. Det var då han såg behovet for ei rørleggjarforretning i kommunen.
- I 1970 starta eg for meg sjølv. Då hadde eg lokale i "meieriet", der brannvesenet heldt til før dei flytta opp på Moberg. Etter ei stund flytta eg opp på Moberg, faktisk rett ved der den nye brannstasjonen ligg i dag.
Firmaet hadde vakse, og Samdal hadde fleire å dela arbeidsoppgåvene med.
- Me har vore seks-sju tilsette så godt som heile vegen. Det har vore veldig greit, og eg har ikkje vore interessert i å utvida vidare. I dag er me tre rørleggjarmeistrar, to med svennebrev, ein læregut og ein kontorhjelp, seier Samdal.
I 2000 flytta dei inn i lokala som dei held til i no.
- Vaskeriet, vert det kalla. Eg starta i meieriet og avsluttar i vaskeriet, smiler Samdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Glad i å jobba
Sjølv om Samdal eigentleg har hatt nok å gjera berre med firmaet sitt, har han i tillegg vore involvert i politikken, og som formann i fleire organisasjonar.
- Eg reknar med at du er glad i å ha noko å gjera på?
- Ja. Eg har alltid vore glad i å jobba, smiler Samdal.
Då han flytta til Os på slutten av 60-talet, var det ingen byggjeklare tomter i kommunen.
- Eller, det var vel ein. Men det lausna på 70-talet. Midten av 70-talet var nok den mest hektiske perioden eg har hatt i mitt arbeidsliv. Då starta utbygginga i fleire stader av kommuen, som Mobergshaugen 2, Varåsen, Prestegardskogen, Hellebakkane og Eikhaugen - for å nemna nokre. Det var utruleg lange dagar, og ferie kunne ein til tider berre gløyma, seier Samdal.
Har funne tid til familie
Det kan verka som at rørleggjaren har funne tid til familien oppi det heile. Han er i alle fall framleis gift, og far til tre.
- Eg trur ikkje dei har lidd noko naud av at eg har jobba mykje. Dei har sett galskapen, så dei følgde ikkje mitt fag, humrar Sverre.
- Dei har funne sine eigne vegar. Sivilingeniør, arkeolog og barnevernspedagog.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva skal du finna på no som du er pensjonist?
- Uff, ikkje snakk om det ein gong, ler Sverre og legg til:
- Me har hus, hytte, båt og stor eigedom, så her er mykje å ta hand om. Men som sagt, eg kjem nok til å halda fram med å jobba litt for firmaet. Eg klarer ikkje heilt å gje meg.