Snart klar for opning
Byggearbeidet på Lysekloster skule er i rute. - Skulen er blitt fantastisk bra, seier ordførar Terje Søviknes.
- Rektor, lærarar og elevar kan gleda seg til ein fantastisk skule-haust. Byggingsarbeidet prega heilt klart skulekvardagen i vår, men no kan dei endeleg ta i bruk den nye skulen, seier Søviknes.
Utearealet er det einaste som står att, men der er det nokre nærmiljøtiltak som skal på plass etter kvart.
Artikkelen held fram under annonsen.
19. august er det offisiell opning av skulen, med ei samling for spesielt inviterte.
- Dette er noko me plar gjera i høve kvar skuleopning. Me gjorde det to gonger i fjor, med Nore Neset ungdomsskule, og nyopning av Os ungdomsskule. Den offisielle opninga er for rektorar, entrepenørar, representantar frå det kommunale foreldreutvalet og dei som har teke del i byggeprosessen. Påmeldingsfrist er 10. august, seier Søviknes.
Seinere i haust vil det bli arrangert open skule for foreldre og familiemedlemer.
- Elevane må berre få koma seg på plass og øvt inn eit program først, seier Søviknes.