- Alle var edru
I helga kontrollerte politiet i Fusa nokre bilførarar i Fusa og på Ølve for promille. Resultatet var positivt.
- Ingen hadde promille, opplyser politioverbetjent ved Fusa lensmannskontor, Ove Ivarhus.
Kontrollane fann stad i samband med helgepatruljeringa laurdag kveld og natt til sundag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredag kveld hjelpte patruljen også til ved eit trafikkuhell i nærleiken av Gjermundshamn.
- Ein motorsyklist velta i vegbanen i 20-21-tida. Personen vart tilsett av ambulanse, og hadde mindre skadar, fortel Ivarhus.