Fusing køyrde 55 km/t over grensa
Mannen i 40-åra mista lappen og lyt sona to veker i fengsel etter ei vel kjapp forbikøyring.
I august var mannen på Kongsberg, og køyrde forbi ein annan trafikkant på ein stad der fartsgrensa var 60 km/t. Under forbikøyringa vart mannen målt til å køyra i 115 km/t.
Han tilstod forholdet i retten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Straffa
Retten fann at 16 dagar i fengsel er ei passande straff. Påtalemakta kravde at han mista førarretten i minst 16 månader, men retten har vurdert lova slik at det skal gjevast strafferabatt fordi brotet skjedde ved ei elles forsvarleg forbikøyring. Dei dømte fusingen til tap av førarretten i 12 månader. Før han kan få lappen tilbake må han avleggja førarprøven på nytt.