Stang ut i første kvalifiseringskamp
Eikelandsfjorden sitt jenter 17-lag tapte 1-3 mot Bergen Nord/Hovding i den første kvalifiseringskampen til 1. divisjon torsdag. Neste torsdag får laget ein ny sjanse.
I den andre og siste kvalifiseringskampen ventar Sandviken. Kampen er truleg ein bortekamp.
- Det vert veldig spennande, seier lagleiar for jentene, Heidi Eikeland Rød.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eiklandsfjorden sitt jenter 17-lag toppa tabellen i 2. divisjon avdeling 1 denne hausten. Jentene har på sju kampar sikra seg 17 poeng, med 5 sigrar, to uavgjort og null tap.
Då sesongen var over, var det fire poeng ned til nummer to på tabellen, Loddefjord/Olsvik. Dermed fekk fusalaget høve til å kvalifisera seg til 1. divisjon. Denne første kampen fann stad på kunstgrasbanen i Eikelandsosen torsdag. Laget fusingane skulle kjempa mot var Bergen Nord/Hovding.
- Vi hadde mange målsjansar, men var veldig uheldige. Vi trefte rett og slett ikkje målet, seier Rød om 1-3-tapet for bergensarane.
Trass mykje bom, Silje Helland Tysseland sytte for éin fulltreffar for Eikelandsfjorden. Rød vil også berømma innsatsen til laget.
- Det var eit skikkeleg drittvêr, men jentene kjempa på, seier lagleiaren.
Neste torsdag får laget ein ny sjanse, så då er det berre å kryssa fingrar og tær.