Lokal keeper signerte for bergensklubb
Kjetil Hansen har funne seg ny klubb. - Eg gler meg til nye utfordringar i Varegg, seier han.
Hansen har vore A-lags-keeper for både Os og no seinast Lysekloster. Etter sesongen i år blei samarbeidet med Lysekloster avslutta.
- Eg likte meg i Lysekloster, og kjem til å sakna medspelarane mine. Det er synd det blei som det blei, men eg er glad for å koma til Varegg, seier Hansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel vidare at fleire klubbar var interesserte, men etter ein prat med Varegg-trenaren, gjorde valet seg sjølv.
- Varegg er ein klubb som satsar veldig. Klubben har ambisjonar om å liggja heilt i toppen og kjempa om opprykk, seier Hansen.
- Ein solid keeper
Styreleiar i Varegg Fotball, Olav Gorseth, er god nøgd med å få avtalen i hamn.
- Me jobbar med å få best mogleg stall, og er kjempeglad for å ha signert Kjetil, som er ein solid keeper. Me har henta inn referansar, og han har fått gode skotsmål frå blant anna Lysekloster. Kjetil har også vore på nokre treningar med oss, og både A-lags-trenaren og keeper-trenaren er godt nøgde med det han har vist på trening, seier Gorseth og held fram:
- Det er også noko med at personlegdomen må passa, og me meiner han passar fint inn i kollektivet.
Hansen skriv i førsteomgang under på ein toårig amatørkontrakt.