Det blei ein dyr køyretur for to bilistar som køyrde for fort i 50-sona på Lepsøyvegen seint laurdag kveld.
Det blei ein dyr køyretur for to bilistar som køyrde for fort i 50-sona på Lepsøyvegen seint laurdag kveld.

Bot og prikkar for høg fart

To førarar må ut med fleire tusen kroner kvar etter at dei braut fartsgrensa i 50-sona på Lepsøyvegen laurdag kveld.

Prikkar i førarkortet fekk dei to også.

Første bilen vart målt til 61 km/t i 50-sona på Lepsøyvegen, klokka 23.05. Føraren fekk forenkla førelegg på 2.900 kroner og to prikkar i førarkortet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Endå dyrare blei det for nestemann.

Ein halvtime seinare, klokka 23.42, blei nemleg ein annan bil målt til 67 km/t i 50-sonen. Denne føraren fekk eit forenkla førelegg på 4.200 kroner pluss tre prikkar.

 

 

Blokkerte ladestasjonar

I 9.30-tida laurdag morgon vart det oppdaga ein bil som stod og blokkerte to ladestasjonar for el-bilar på Halhjem. 

- Eigar ville hiva seg rundt og få den fjerna då vedkomande blei kontakta, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

To førarar fekk gebyr for manglande førerkort då politiet kontrollerte 35 bilar under ein trafikkontroll på Strønevegen i 16.30-tida laurdag.

Ellers var det roleg for politiet i Os på dagen laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

To tatt for urinering

Klokka 00.49 vart ein mann i 50-åra tatt på fersken då vedkommande urinerte utanfor ein utestad i Os. Mannen vert meldt for forholdet.

Nok ein tissetrengt mann vart ferska då han urinerte på Irisbygget, klokka 03.29. Dette var ein mann i 30-åra, han blir også meldt.

I 04.30-tida natt til søndag vart ein mann i 30-åra vist bort frå området ved Esso-stasjonen. Då hadde han oppført seg ufint og aggressivt, mellom anna ved å blokkera for luka.

Også natt til søndag har politiet kontrollert fleire biler kontrollert og sjekka førar for førarkort og promille. Dei fann ikkje noko dei trong slå ned på.