Ordførar Terje Søviknes og dagleg leiar ved Osbadet, Bård Alfstad, som får i oppgåve å driva idrettsparken. Biletet er frå opningsseremonien i sommar.
Ordførar Terje Søviknes og dagleg leiar ved Osbadet, Bård Alfstad, som får i oppgåve å driva idrettsparken. Biletet er frå opningsseremonien i sommar.

Osbadet skal drifta Os idrettspark

Osbadet får retten til å driva sentralidrettsanlegget på Kuventræ. Samtidig vert det sørgt for likebehandling av idrettslaga i bygda.

Formannskapet vedtok endeleg driftsform for nye Os idrettspark tysdag. Ei politisk-administrativ arbeidsgruppe med idrettskonsulent Tom Leonsen i front hadde utarbeidd framlegget som ville gje Osbadet 600.000 årleg for å driva det kommunale anlegget. Arbeidsgruppa har også teke tak i hovudpina knytt til dei ulike særavtalane ulike idrettslag i Os har hatt med kommunen. Ulike avtalar har gjeve ulik behandling, som ofte har vore opplevt som urettferdig.

- No har me endeleg fått rydda opp i dette. No blir det eit likt regime for alle idrettslaga, uttalte kultursjef Lisbeth Axelsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Urettferdig fordeling?

Ståle Skaatun (H) lurte på kommunen kunne kritiserast for å fordela urettvist når ein gav mykje meir til Os idrettspark.

- Forfordeler me oss sjølve når me legg dobbelt så mykje pengar i drift på det nye anlegget som treng minst vedlikehald, kontra dei andre? Me oppretter i prinsippet ein ny stilling for å driva dette, sa Skaatun.

Tom Leonsen svarte at det faktisk var fleire utgifter med eitt nytt anlegg enn med eit gamalt. Mellom anna må ein tilføra nye granulatkuler til kunstgrasbane.

Ordførar Terje Søviknes la til at det vart feil å samanlikna eit anlegg som skal vera for fleire aktørar i Os, med anlegg som berre er til bruk for lokale idrettslag.

- Dette er eit sentralidrettsanlegg for heile Os, konstaterte Søviknes.

Rydde-vedtaket

Framlegget som skulle skapa orden i huset, var formulert i tre punkt.

1. Det vert inngått avtale med Osbadet om å drifta kommunalt anlegg ved Os idrettspark- Kuventræ. Osbadet får tilført kr. 600 000. Avtalen gjeld i første omgang ut 2017. Det vert lagt opp til evaluering av driftsmodellen hausten 2017.

2. Det vert gitt årleg tilskot på kr. 50.000 til 11'ar-banar i Os kommune, og tilskot på kr 30.000 til 7'ar-banar. Tilskotet skal gå til drift og vedlikehald av banen (inkl. lys). Tilskotet kan trekkjast tilbake eller bli avkorta dersom idrettslaget ikkje følgjer avtalen som vert inngått med kvart idrettslag. Auka kostnadar til utbetaling av tilskot vert dekka av midlar i kultureininga sitt budsjett.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Det vert gitt eit tilskot på inntil kr. 195.000 til Nore Neset Aktivitetshus som skal sikra lik leigepris for lag som nyttar Oshallen og Nore Neset Aktivitetshus. Leigepris for laga vert kr. 105 pr time i Oshallen og i Nore Neset Aktivitetshus. Nore Neset Aktivitetshus skal følgja avgiftsbudsjettet med same priser som i Oshallen når dei set timepris for leige av heil hall (mån-fre. 15-22). Auka kostnadar til utbetaling av tilskot vert dekka av midlar i kultureininga sitt budsjett.

Deretter vart vedtaket banka, med ei endring: Den eksakte leigeprisen på kr 105 per time vart fjerna. Kommunalsjef Line Rye forklarte at det var å ha lik pris som var det viktige, og at sjølve timesatsen kan bli justert.