Vart berre nummer to
Ein lang stund trudde Geir Skaten at han vann NM. Då dei ei offisielle tidene kom viste det seg at han vart nummer to.
Geir Skaten har vunne NM i motbakkeklubb tidlegaredå konkurrerte han for moderklubben Gular. I dag trudde Opptur-løparen han hadde gjort det igjen, men det viste seg ikkje å stemme.
- Det er berre å beklaga at eg kom til å seia til de i avisa at eg vann. Me trudde det ein lang stund, men så viste det seg at det var ein kar ved namn Rune Opem, som vann klassen min. Han sprang på 52,25. Eg sprang på 55 blank, fortel Skaten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bratt løype
NM i Motbakkeløp gjekk av stabelen i Marifjøra i Luster. Starten gjekk i Marifjøra. Derifrå spang deltakarane ein nesten sju kilometer lang løype til toppen av Molden på 1.100 meters høgde.
- Eg starta rimeleg kjapt og hang bra med, men etter to-tre kilometer roa eg litt ned. Då var det fleire som sprang frå med. Men då eg kom til det brattaste klarte eg å halda fram med å springa. Då tok eg att mange løparar, fortel Skaten.
I klassen hans, 40-44 år, hadde han fleire tøffe rivalar.
- Det var mange gode som var med. Tre kilometer før mål tok eg att ein ved namn Lars Olav Håheim. Han bruker å vera tøff, men eg følte meg så sterk at eg sprang frå han då det berre var ein kilometer igjen. I mål var eg 50 sekund framfor han, fortel Skaten.
Då han kom opp vart han gratulert som vinnar av klassen. Det skulle altså sidan vise seg ikkje å stemme.
- Surt at det ikkje vart siger, men eg er bra nøgd med løpet uansett, seier Skaten.
Tre Opptur-utøvarar
To Opptur-utøvarar til var i aksjon i Luster på laurdag. Trond Inge Nilsen sprang på 1.04 i klassen for menn 45-49 år. Sonen hans, Erik Vaktskjold brukte litt lenger tid, og var ikkje heilt nøgd med løpet.