Godstemning med blues
Blues har vorte ein gjengangar på Osøyro både til jul og påske. Laurdag sørgde Steinar Lyssand og co. for at tilhøyrarane på Bar(t) kom i den rette påskebluesstemninga.
- Vi startar heilt nedpå. Det vert roleg i starten, sa vokalist og gitarist Dag Bergesen då bandet gjekk på scena litt før klokka ti.
I lokalet vis-à-vis Peppes hadde det summa forventningsfullt rundt borda i éin time allereie. Då musikken starta dukka det opp endå fleire folk
Artikkelen held fram under annonsen.
Med seg på scena hadde Bergesen gitarist Steinar Lyssand, bassist Kai Taule og trommeslagar Magne Trengereid. Firkløveret fekk òg god hjelp frå gjestevokalist Miriam Tumyr.
- Vi som står på scena har ganske ulik smak når det gjeld bluesmusikk, så det vert eit variert repertoar, fortalte Bergesen, som i same andedrag kalla seg for skaposing.
- Det er utruleg kjekt å stå på scena her på Os, sa han.
Populære musikarar
Det var andre gang Lyssand og co. arrangerte påskeblues på Osøyro. Billettsalet gjekk unna i forkant av konserten palmelaurdag, og tidlegare i veka såg arrangørane seg nøydde til å leggja ut fleire billettar for førehandssal. Dermed ser påskebluesen ut til å vera minst like populær som romjulsbluesen, som har vore ein tradisjon i fleire år allereie.
På Bar(t) hadde ikkje musikarane spela mange låtar, før det første paret våga seg ut på dansegolvet. Dermed vart det gjort. Dei første vågale utløyste eit skred av danselystne bluestilhengjarar, og snart var det ikkje rå å røra seg framføre scena lenger. Med mindre du hadde ein dansepartnar.