Kutt i alle einingar
Torsdag vert budsjettet for 2016 vedteke av kommunestyret i Fusa. Skulesaka har fått mykje merksemd, men er langt frå den einaste saka som vil få konsekvensar for innbyggjarane i kommunen.
Camilla Kvamme
Artikkelen held fram under annonsen.
camilla.kvamme@osogfusa.no
Fusa kommune budsjetterer med drifts- inntekter på vel 311 millionar kroner i 2016, kontra 291 millionar i 2015. Årsaka er mellom anna auka brukarbetaling, auka sals- og leigeinntekter, auka rammetilskot frå staten og ei auke i eigedomsskatten frå 13,15 mill. i 2015 til 13,95 mill. i 2016.
Når det gjeld driftsutgiftene, aukar desse frå 280 mill. i 2015 til 292 mill. i 2016, men skal etter planen reduserast til vel 283 mill. kroner innan økonomiplanperiodens slutt i 2019.
Fusa kommune har ifølgje budsjettnotatet frå rådmann Berit Fløisand eit netto driftsresultat i 2015 på minus 1,5 millionar kroner. Dei fire neste åra skal minus snuast til pluss, og ifølgje økonomiplanen vert tala som følgjer: + 2,9 mill. i 2016, + 4,2 mill. i 2017, + 4,4 mill. i 2018 og + 7,2 mill. i 2019. Av desse vert til saman 11,7 mill. sett av til disposisjonsfondet til kommunen, medan om lag 2,7 mill. vert sett av til bundne fond.
- Grep som smertar
Å snu minus til pluss, er ikkje enkelt. I løpet av økonomiplanperioden (2016-2019) skal kommunen spara nesten 40 millionar kroner. Det smertar.
- Vi kjem ikkje utanom omorganiseringar og endringar i strukturar for å effektivisera drifta vår og sikra kvalitet på tenestetilboda våre framover. Vi har etter kvart mykje dokumentasjon som peikar på det same: Vi driv dyrare enn vi har råd til, heiter det i budsjettnotatet frå rådmannen.
KOSTRA-tal syner at Fusa kommune driv barnehagane sine billegare enn det som er snittet for Hordaland. Til tross for det er det føreslått innsparingstiltak på til saman 5,3 mill. kroner i økonomiplanperioden. Det kan òg verta aktuelt å gjera endringar i barnehagestrukturen, som følgje av eventuelle endringar i skulestrukturen.
- Det er ei utfordring at barnehagane er små, og dermed må bruka meir vikar for å ha ei forsvarleg drift når det skal avviklast ferie, velferdspermisjon, møte og ved sjukdom. Vidare er det utfordrande å gje tilstrekkeleg spesialpedagogisk hjelp når barnehagane ligg så spreidd geografisk, går det fram av notatet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Av tiltak som vert føreslått er ny sats for foreldrebetaling, styrt ferieavvikling, å avvikla lærlingplass undervisning/barnehage og eventuelt felles styrar for fleire barnehagar.
Omorganisering og kutt
Pleie- og omsorgseininga står overfor store utfordringar dei neste åra. I 2016 skal store delar av sjukeheimsdrifta leggjast om til å verta heimetenester, ved at langtidsplassar vert bygd om til omsorgsbustader. I tillegg vert heildøgnsavlasting for born og unge med funksjonhemming overført til eininga.
Blant innsparingstiltaka rådmannen føreslår er å redusera tilboda ved dagsentera for eldre og menneske med psykiske helseplager, samt å halvera tilskotet til fritidsklubben for spesielle grupper. Det vert òg føreslått å redusera rehabilitering-/fysioterapitenesta med 0,5 årsverk.
- Dersom vi frå 2016 vert nøydd til å kutta kraftig i førebyggjande tenester, vil det gje aukande utfordringar på fleire plan. Konsekvensane for brukarane er til ei viss grad føreseielege. For nokre vil graden av einsemd og isolasjon auka, for andre vil mindre stimulering føra til auka uro og utagering. Korleis effekten totalt sett vert, er ikkje lett å seia. Det ein veit med sikkerheit, er at trongen for heimetenester vert auka frå dag éin. På sikt vil trongen for institusjonsplassar òg verta større, går det fram av budsjettnotatet.
Som følgja av budsjettkutt i åra som kjem, vil det òg verta snakk om omplassering og nedbemanning av personale.
- Det kan verta utfordrande for leiinga å driva desse prosessane parallelt med at ein skal ivareta arbeidsmiljøet og den store arbeidsflokken på ein tilfredsstillande måte. Dei tilsette må leva med ekstraoppgåver, arbeidspress og uvisse, og vi ser ein reell fare for auka sjukefråvær og fråfall av kompetanse, skriv einingsleiar Gro Elisabeth Almås om hovudutfordringane til pleie- og omsorgseininga i økonomiplanperioden.